Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris til Maria Parr

 (16.04.2010)

- Det blir kvart år gjeve ut ei mengd gode barne- og ungdomsbøker i Noreg. Somme av desse skil seg klart ut i mengda, og oftare enn ein skulle tru er desse skrivne på nynorsk. I 2009 vart det gitt ut ei slik barnebok. Ei bok ein ikkje kan leggje frå seg. Ei bok ein ikkje gløymer, skriv juryen i grunngjevinga.

Det er Noregs Mållag som står bak prisen og prisvinnar får eit diplom og 30 000 kroner. Det er andre gong Maria Parr får denne prisen. Ho fekk Nynorsk barnelitteraturen for 2005 for debutboka ”Vaffelhjarte”. Maria Parr har allereie hausta fleire viktige prisar for den nye boka ”Tonje Glimmerdal”.

Dette er grunngjevinga frå juryen i sin heilskap:
Det blir kvart år gjeve ut ei mengd gode barne- og ungdomsbøker i Noreg. Somme av desse skil seg klart ut i mengda, og oftare enn ein skulle tru er desse skrivne på nynorsk.

I 2009 vart det gitt ut ei slik barnebok. Ei bok ein ikkje kan leggje frå seg. Ei bok ein ikkje gløymer. Ei bok juryen for nynorsk barnelitteraturpris ikkje kan kome utanom. Og det sjølv om den unge forfattarinna bak boka har motteke denne prisen før.

Vinnarboka av året er ei sjeldan god kapittelbok som er godt eigna for høgtlesing. Ho kommuniserer godt med båe barn og vaksne lesarar. Forfattaren nyttar ei rekkje litterære og kulturelle referansar, ikkje minst frå anna klassisk barnelitteratur. Og ho gjer det på ein sånn måte at ho risikerer å bli ein klassikar sjølv. Ho skriv truverdig om karakterane sine med eit feiande flott språk, og temaet for boka er aktuelt og tidlaust.

I ei tid der så mange framleis pushar blodfattige ideal à la Barbie på døtrene våre, representerer dunderkonseptet eit forfriskande aktivt alternativ. Og det utan å bli "jentelitteratur". Vinnaren av året er noko så sjeldan som ei feelgood-bok med nerve og spenning til siste slutt.

Den beste nynorske barne- og ungdomsboka av året er "Tonje Glimmerdal" av Maria Parr.

Juryen har vore:
Ketil Kolstad
Sofie Braut

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no