Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk litteraturpris til Kjartan Fløgstad

 (16.04.2010)

- Grense Jakobselv er eit overflødigheitshorn skrive med kunnskap og vidd, språkleg spenst og eit skarpt auge på samtid og nær historie. Det eventyrlege, det grufulle og det gjenkjennelege er vevd i kvarandre og utgjer ei heksegryte av forteljingar, skriv juryen i grunngjevinga.

Det er Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og Noregs Mållag som står bak prisen. Den er på 30 000 kroner. Kjartan Fløgstad har tidlegare fått Nynorsk litteraturpris i 1986 og fekk Målprisen i 2005 frå Noregs Mållag.

Dette er grunngjevinga frå juryen i sin heilskap:

Nynorsk litteraturpris 2009 går til Kjartan Fløgstad for Grense Jakobselv, eit episk styrkeløft av ein roman der Fløgstad briljerer med sin kombinasjon av historiske kunnskapar og forteljarevne. Han spenner ut eit stort lerret – både tidsmessig og geografisk – og har makta skrive ei bok om 2. verdskrig som tilfører noko nytt og belyser nye samanhengar. Med tanke på alt som allereie er skrive om krigen, er det i seg sjølv imponerande.

Dette er ei bok om å velje – og om å velje feil. Fløgstad maktar få oss til å tru på personane sine – og skjøne kvifor dei handlar som dei gjer. Med raske, men saumlause sceneskift mellom fiksjon og fakta, notid og fortid, skapar Fløgstad i Grense Jakobselv eit stadig veksande ubehag hjå lesaren. Personane han skildrar vil vel, men handlar gale, og overskrid alle etiske og moralske grenser. På overtydande vis klarar dei forsvare eigne handlingar og gjere seg sjølve til offer – og på ein måte skjønar vi dei! Det gjer boka til uhyggeleg og viktig lesnad.

Fløgstad skildrar på bitande vis oppgjeret i Tyskland etter krigen – der sentrale aktørar gjekk tilbake til sine gamle posisjonar og gode liv. Han presenterer europeisk idéhistorie på ein ny og spennande måte og levandegjer system og prosedyrar vi tidlegare berre har høyrt om gjennom rapportar som Lund-rapporten. Han klarar halde trådane gjennom boka, anten det er snakk om livssogene til hovudpersonane eller den politiske og tematiske samanhengen, og manar fram eit overtydande bilete av ei verd og ein røyndom som er ukjent for dei fleste.

Grense Jakobselv er eit overflødigheitshorn skrive med kunnskap og vidd, språkleg spenst og eit skarpt auge på samtid og nær historie. Det eventyrlege, det grufulle og det gjenkjennelege er vevd i kvarandre og utgjer ei heksegryte av forteljingar. Det går over stokk og stein, men Fløgstad står løpet ut. Romanen er krevjande og til tider overveldande i all sin detaljrikdom, men samstundes forførande og humoristisk, og Kjartan Fløgstad fører som vanleg eit særeige, stilsikkert og elegant språk. Grense Jakobselv er eit oppsiktsvekkande og mektig verk, og ein verdig vinnar av Nynorsk litteraturpris 2009.

Juryen for Nynorsk litteratupris er:
Ruth Lillegraven
Vidar Lund
Ragnhild Hilt
 

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no