Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Klar for Mållaget

 (16.04.2010)

- Leiing med appell
- Eg har følgd med på arbeidet i Noregs Mållag i «alle» år, og på kuriøse debattar om forskjellige målformer. No ser eg fram til å arbeide for laget, rett og slett fordi eg synest det er ein bra organisasjon med mange unge og flinke folk, seier Hjetland, som ser på det med ungdom som ein fordel.
- Det er viktig med ei ung leiing som har appell til skuleelevar og studentar og kan gjera dei stolte av å bruke den målforma dei har, seier Hjetland, som sjølv har god ballast for oppgåva frå skuleverk og organisasjonsliv.
Inntrykket hennar er at nynorsken står sterkt i dag og nyt stor respekt.
- Det viser seg blant anna ved at mange studentar vel å halde på nynorsken. Men eg ser også problem for nynorsken ved at mange går over til bokmål i ungdomsskule og vidaregåande skule.
Dette er ei utfordring for skuleverket og lærarane, spesielt på yrkesfaga. Éi av årsakene til problema er at dei nynorske lærebøkene kjem altfor seint. Slik har det vore i alle år så lenge eg har vore lærar. Dette må ein få gjort noko med, seier Hjetland.

Innstilling til nytt styre
Håvard B. Øvregård har vore leiar for Noregs Mållag i 2009, og tek attval. Som nestleiar har valnemnda innstilt Jens Kihl. Bente Riise held fram som styremedlem og Helga Hjetland er innstilt som nytt styremedlem for 2 år.

Årsmeldinga viser at Noregs Mållag har 10.125 medlemer. Det er ein nedgang på 126 frå året før. Medrekna medlemene i Norsk Målungdom er medlemstalet 11.401, eller 296 færre enn i 2008.
- Vi har ikkje drive vervearbeid i 2009, men det skal vi ta fatt på no, seier Håvard B. Øvregård, som tek den vesle nedgangen med fatning og reknar med at den kan hentast inn att.

Saka er henta frå Nynorsk Pressekontor.

Inger Robøle Kristiansen
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no