Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Landsmøtetalen av Håvard B. Øvregård:

10 utfordringar på 10-talet

 (17.04.2010)

Vyrde landsmøte
Det siste året har vore lærerikt. Mange vitjingar hjå lokallag og fylkeslag. Mange møte med offentlege instansar og andre organisasjonar. Mange inspirasjonar og mange refleksjonar. Det er desse ideane, tankane og refleksjonane undervegs eg her vil konkretisere i 10 utfordringar eg ser som, kvar på sitt område, avgjerande for målsaka i det komande tiåret. Her kjem 10 utfordringar på 10-talet.

Utfordring 1: Kvalitetssikra språk i læremiddel
På tysdag var eg i Vest-Telemark. Etter møte med det lokale regionrådet tok eg turen innom Tokke skule i Dalen. Elevane i 6.-klassa eg vitja, har hatt eit artig Nysgjerrigper-prosjekt dette skuleåret. Dei har forska på kvifor det er så mange feil i norskbøkene deira. Sjølv om prosjektet er artig, er det berre trist at dette skal finnast som eit potensielt tema. Det synest elevane også. Det byrja med at dei oppdaga feil i bøkene, og nysgjerrige som dei var, ville dei vite kvifor. Dei ville også finne ut kor mange feil det var totalt i desse bøkene, og for kvart nytt kapittel dei har hatt i norsken så har dei leita, og oftast funne, ordfeil, teiknsetjingsfeil, bøyingsfeil, orddelingsfeil, og så bortetter.
I leseboka og arbeidsboka i, av alle fag, norskfaget, hadde dei på tysdag funne over femti feil. Dei har jobba med ulike hypotesar på kvifor det er så mykje feil. Resultata deira vert ikkje ferdige før til månadsskiftet, men at det verka som dårleg omsetjing frå bokmål til nynorsk, var eit heitt spor. Dei hadde snakka med forlaget, og forlaget hadde sagt at dei la seg flate.

Og vi kjenner igjen at forlag legg seg flate. NDLA, Nasjonal digital læringsarena, gjorde òg det. Fleire gonger til og med. Og på same måte som lærebøkene til elevane på Tokke skule, så vart heller ikkje nettsidene til NDLA betre av at ein la seg flat. Flatlegging har liten effekt på læremiddel. Om ein erstattar rangt med riktig, derimot, det har effekt. Men det kostar pengar, noko NDLA til slutt forstod når dei sette av 2 millionar til kvalitetssikring av nynorsken i læremidla deira på nett. Kva med bøkene på Tokke skule? Jau, dei skal brukast av neste klasse til neste år. Dei som er 5.-klassingar no, og dei som er 4.-klassingar no, og kanskje dei som er 3.-klassingar no, alle er forventa å bruke eit læremiddel som elevane sjølve har prova, står til stryk. For noko anna kostar pengar, som korkje forlag eller skuleeigar kjenner dei har råd til å bruke.

Og det er her utfordringa vår kjem. Vi må få gjennomslag for ordningar som sikrar at læremidla i skulen har god språkleg kvalitet. Og då må det straffe seg å levere ut det som ikkje held kvalitet. Tidlegare hadde ein ei godkjenningsordning for læremiddel. Eg har ikkje tru på at ein kan få tilbake ordninga slik ho var då, men vi må finne ei tilsvarande ordning av i dag. Og sidan pengar er eit av dei få språka alle innblanda aktørar forstår, kan det vere at økonomiske tap for dei som ikkje leverer tilfredsstillande kvalitet, er vegen vi må gå. Det skal ikkje lønne seg å legge hindringar i vegen for born si språklæring.

Hadde ei lærebok i matematikk med fullt av reknefeil blitt brukt fleire år på rad? Neppe. Men ei norskbok full av språkfeil vil bli brukt fleire år på rad om ingen får stogga det.
Når elevane i 6.-klassa på Tokke skule er ferdig med analysane sine, vonar eg dei tek ein tur til Kunnskapsministeren og syner henne kva språkslurv dei har vorte utsette for. Så ser ho òg at det trengst ei ordning for kvalitetssikra språk i læremiddel.

Utfordring 2: Skuleeigar sitt ansvar
Som nynorskbrukar i randsonene er ein i praksis ein språkminoritet. Sjølv om fleirtalet på skulen ein går på, har nynorsk som hovudmål, så er det så mykje bokmålsskrift ein møter rundt seg at ein som nynorskbrukar møter dei same problema, utfordringane og det same presset som minoritetsspråklege møter andre stader. Det krev medvit og vilje å halda på språket sitt i ein slik situasjon.

Skulen har eit ansvar for å legge til rette for at elevane skal kunne halde på språket sitt, men dette skjer ikkje av seg sjølv. Om ikkje skuleeigar tek eit særskilt ansvar, vil det i randsonene gå slik vi ser i undersøkinga frå Valdresprosjektet Målstreken: Det store fleirtalet byter hovudmål. Elevane flyt med straumen, frå bygder til kommunesentra, og så til byområda der elvemunningen ofte er. I dalføra på Austlandet er dette ikkje berre ein metafor, men ei korrekt geografisk skildring. Når elevane byter skule, frå barneskule til ungdomsskule, frå ungdomsskule til vidaregåande, så er det gjerne i same retning som elva renn. Nedover mot by og sjø. For å unngå å late seg drive med, må elevane ta eit medvite val om å halde på hovudmålet. Det er ikkje slik i dag at målbytet er det medvite valet, nei, målbytet er eit passivt lite hopp, som eit mindre elvestryk, med nynorsk ovanfor og bokmål nedanfor. Det er mykje lettare å drive ned eit stryk enn å bevege seg motsette vegen.
Eg trur ikkje skular og skuleeigarar i randsonene er medvitne resultatet av deira manglande ansvarsoppfølging. Eg trur at skular og skuleeigarar, lærarar, kommunestyre og skulesjefar, eigentleg vil legge til rette for at elevane skal kunne halde på hovudmålet sitt. Men nokon må gjere dei merksame på kva som skjer, og gje råd om kva ein kan gjere.

Kva kan ein så gjere? Lista er lang. Mellom det viktigaste er å sikre at lærebøker finst til same tid og same pris, at kvaliteten på nynorske læremiddel er like så god som dei er på bokmål, at lærarane brukar nynorsk i tavleundervisning, og at språk og identitet vert drøfta i klasserommet slik at elevane vert utfordra og medvitne sine språkhandlingar. I Hordalandsprosjektet har vi erfart at elevar i løpet av ein halv skuledag med vitjing av prosjektskrivaren fekk nye perspektiv på samanhengen mellom nynorsk, eige talemål og identitet. Elevar i Os kommune trudde at talemålet deira var nærare bokmål enn nynorsk, heilt til dei hadde skrive ned same setningane på nynorsk, bokmål og dialekten sin, for så å samanlikne. Slik eg les læreplanane for skulen, er det openbert at slike øvingar bør vere med i den ordinære undervisninga, slik at elevar i heile landet får auka medvit om samanhengane mellom talemål og skriftmål.

Skuleeigar, om det er kommune eller fylke, har òg eit ansvar for at elevane ser hovudmålet sitt i samfunnet ikring seg. Dette gjeld i skrifta på heimesider til fylke og kommune, på vegskilt, i næringslivet, på det lokale nav-kontoret, blankettar og skjema for all slags søknad og registrering. Noko av dette er det kommune og fylke sjølv som rår over, ofte utan at dei har ein målbruksplan og oppfølging av denne som gjer at dei har auga opne for kva som kan gjerast. Noko av det er utanfor kommunen og fylket sitt vedtaksmynde, men likevel godt innanfor det kommune og fylke kan påverke. Kommune og fylke treng ikkje sitje passivt og sjå på at offentlege og private aktørar leverer bokmålstekst til nynorskområde. Men her som i alt anna må nokon gje beskjed for at ting skal betrast.

Skuleeigar sitt ansvar, ansvaret for ei opplæring som er tilpassa dei ulike språktilhøva og den ulike språkpåverknaden elevar med nynorsk og bokmål som hovudmål har, er kjernen i utfordringa om å hindre målbyte frå nynorsk til bokmål i skulen. Samstundes som det er negativt at så få skuleeigarar er medvitne om dette ansvaret, så gjev dette eit stort potensiale for betring. Tenk så mykje færre målbyte det kan verte om skuleeigarane tek tak i dette. Og så må vi godta at vi sjølve er nøydde til å gje skuleeigar ein dult i riktig retning, eller kanskje eit riktig spark om dette er naudsynt for å vekkje opp.

Utfordring 3: Folketalsutvikling og busetjingsmønster
Folketalsutvikling og busetjingsmønster er kanskje dei faktorane som i størst grad påverkar kor stor del i Noreg som har nynorsk som hovudmål. Di fleire som flyttar til eller vert buande i kommunar med nynorsk administrasjonsspråk og skulekrinsar med nynorsk som opplæringsspråk, di fleire vert og vert verande nynorskbrukarar. Men folketalsutvikling og busetjingsmønster er vanskeleg å gjere noko med. Ein kan ikkje vedta kor folk skal bu. Folk skal velje sjølv kor dei vil bu, leve og få ungar.

Den siste veka har eg køyrt mykje. Ikkje berre for å kome meg til landsmøtet her på Stiklestad, men konferanse i Balestrand og møte i Telemark har også gjort at eg har måtta bruke bil og fått testa ut vegkvaliteten i Sør-Noreg. Eg har vore innom 10 fylke og over 50 kommunar sist veke. Og når eg sit og ser på folk, gardar, butikkar, attraksjonar, kulturminne, fabrikkar og alt anna i det eg fer forbi, så får det meg også til å tenkje på korleis folk vel kor dei vil bu.
Eg trur at kommunar som slit med å få folk til å verte buande i eller flytte attende til heimbygda si eller heimkommunen sin, har same utfordringa som vi som jobbar for nynorsk har. Det er så lett å berre flyte nedover elva eller utover fjorden mot byen. Det ligg eit mindreverdskompleks og lurar i bygder og tettstader rundt om kring i landet. Det er for få som ope og høgt seier seg stolte over sitt eige. Graset verkar ofte grønare på innsida av bygjerdet. Målarbeid krev at ungdomen vert medviten seg sjølv som språkbrukar, at dei oppdagar at nynorsk som skriftmål er noko ein kan vere stolt av sjølv om ein stundom kjenner at ein skil seg ut, at dei snur kjensla av å vere annleis og svak om til kjensla av å vere sterk og stolt. Tek du denne opplistinga og byter ut språk med heimbygd eller -kommune, så har du ein resept mot fråflytting og for heimattflytting. Å finne seg sjølv og sitt, erkjenne seg sjølv og sitt, verdsetje seg sjølv og sitt.
Eg tek sjansen på å verke pompøs, og seier at dei som unngår, eller kvittar seg med, mindreverdskomplekset, dei vert også betre menneske. Å vere trygg på seg sjølv er viktig for å kunne ha gode møte med andre. Som eit døme trur eg det er ein sterk samanheng mellom Vinje kommune sitt fokus på verdsetjing av eigen lokal kultur, og kor godt dei har lukkast i integrering og inkludering av innvandrarane som har kome til kommunen. Og i ein slik samanheng er det ikkje tilfeldig at Vinje kommune òg er medviten i bruk av nynorsk. Desse tre tinga heng saman.

Busetjing er viktig for nynorsk. Men samstundes med at busetjing er viktig for nynorsken, så er nynorsk òg viktig for busetjinga. Gjennom å fremje lokal dialekt og nynorsk som den lokalt forankra målforma, så kommuniserer kommunen sjølvtillit og openheit. Ein skil seg ut som noko positivt, ekte og stødig. Og det er klart at vi heller vil bu i ein kommune som er positiv, ekte og stødig enn i ein kommune som verkar negativ, overflatisk og flytande.
Målarbeid og målkamp i Noreg vil alltid henge saman med busetjingsmønster, distriktspolitikk, samferdslevilkåra, og den evige striden mellom det sokalla sentrum og den sokalla periferien.

Utfordring 4: Oppslutnad om dialekt
Dette er kampen målrørsla har vunne. Kampen for respekt for dialekt. Kampen mot dialekthat og språksjåvinisme. I dag er det kult å skrive dialekt. I dag er T-skjorter med dialektuttrykk god butikk. I dag er det dialekt som sel sjampo i tv-reklamen.

Det er så stor oppslutnad om dialekt at ungdom i størstedelen av landet heller skriv dialekt enn ei av dei to offisielle målformene når dei skal kommentere ein artikkel på nett, oppdatere fjesbokstatusen, eller sende ei tekstmelding.
I staden for at nynorsk er den sterke skriftlege identitetsmarkøren, så er det dialekten i privat skrift som kommuniserer identitet hjå desse unge. Når nynorsken ikkje lenger har så sterk identitetsfunksjon, så kan ein jo like godt velje det store majoritetsspråket bokmål i mindre personleg kommunikasjon. Også i inste nynorskland er det mange unge som vekslar mellom dialekt og bokmål som sine to skriftalternativ utanfor skulen. Om ikkje utviklinga endrar retning, kan ein oppleve det paradokset at skriftleggjeringa av dialektane vert eit banesår for det eine dialektbaserte norske skriftspråket?

Undersøkinga frå Valdresprosjektet Målstreken syner at elevane som byter frå nynorsk til bokmål som hovudmål samstundes verdset dialekten høgt i skrift.
Her er utfordringa vår: Korleis skal vi syte for at denne dialektsigeren også gjev auka oppslutnad om nynorsk. Korleis skal respekt for dialekt føre til respekt for nynorsk. Korleis skal til dømes ungdomen i Stavanger og omland forstå at det dei skriv i dialektskrifta si på kommentarfeltet til ein nettartikkel er eit langt steinkast frå bokmål og berre eit lite klinkekulepuff frå nynorsk?
Eg trur og vonar at ungdommen si omfamning av dialekt i skrift er eit steg på vegen til større medvit om og bruk av nynorsk hjå ungdom. Og dette gjeld både i nynorske kjerneområde, randsoner, og i byane på Vestlandet. I det ungdomen oppfattar kor mykje nærare nynorsk er deira føretrekte skriftspråk, dialekten, er det von om at mange fleire enn no vert medvitne nynorskbrukarar. Nynorsken har som alltid mykje å hente på auka medvit om samanhengen mellom skriftspråk og identitet.

Utfordring 5: Næringsliv og nynorsk i marknadsføring
Tenk deg at det ligg to pakkar med kjøtpålegg i kjøledisken. Ein med tekst på nynorsk og ein med tekst på bokmål. Kva pakke vil du velje? Kva vil ein tilfeldig kunde velje? Eg trur at fleirtalet vil velje den med tekst på nynorsk. Nynorsk kommuniserer at noko er ekte, det kommuniserer kvalitet, det kommuniserer lokal forankring. Alle desse tre - ekte, kvalitet og lokal forankring - er effektiv marknadsføring. I tillegg kjem det alle varer er avhengige av for å bli valt ut av mengda: Å skilje seg ut.

Eigentleg er eg skuffa over at ikkje næringslivet har skjøna dette i større grad. Her ligg det eit enkelt grep som kan auke inntening rett framfor nasen deira. Men nokon har sett det. Aker sin reklamevideo med ”Nordmannen” er eit døme på dette. Grandiosa-songen på nynorsk for nokre år sidan eit anna. Og det kjem fleire. Dette er eit for godt verkemiddel til å ikkje verte brukt. Det er gratis å skilje seg ut når du brukar nynorsk.
Men det er eit større steg for bedrifter å endre det interne arbeidsspråket frå bokmål til nynorsk. Til liks med mange andre aktørar vil dei truleg vere utrygge på sin eigen nynorskkunnskap internt i bedrifta. Det er her utfordringa vår kjem. Korleis skal vi sikre at nynorsk ikkje berre vert eit ”nynorsk-er-fint-i-dikt-språk” i marknadsføringa medan resten held fram på bokmål. Utfordringa vert truleg det same som vi ser i offentlege etatar. Det krev litt ekstra å få gode språkrutinar på plass.

Utfordring 6: Verdsetjing av fleirspråk
I Noreg er det manglande aksept for verdien i det fleirspråklege. Innvandrarar sin språkkunnskap utover norsk vert sjeldan sett fram som noko verdifullt. Vi er det nordiske landet med minst framandspråk i skulen. Sidemålsopplæring vert ofte sedd på som ei byrde. Lista er lang, og det er ein samanheng.

Ta offentlege ordskifte om morsmåls- og norskopplæring som eksempel. Ein høyrer ofte argument basert på ”ballong-teorien”. Denne tilnærminga, der ein trur at kunnskap i ulike språk ”kjempar om plassen” i hovudet, ligg til grunn når ein er redd for at kunnskap i morsmål skal redusere språklæring i norsk. Røynda er at auka kunnskap i eit språk gjer det lettare å lære andre språk. Og skriftleg kunnskap i morsmålet, det språket ein tenkjer på, gjer det mykje lettare å tileigne seg andre skriftspråk. Når politikarar vil kutte morsmålsopplæring for at elevane skal lære betre norsk, tenkjer eg på småguten som pissa i buksa for å verte varm.
Verdsetjing av språk vert også undergrave når få eller ingen set fokus på den store styrken det er at ein aukande del av folket i Noreg kan fleire språk.

Kvart språk ein kan, gjev høve til innsikt i ei heil verd av tankar, idear, historie og kunnskap. Meir handfast, så gjer kunnskap i eit anna språk deg i stand til å kommunisere med mange fleire. Og endå meir handfast, kunnskap i fleire språk påverkar handelsbalanse og nasjonalprodukt. For språk er òg marknadsmakt og marknadsevner. Di større fleirspråkskunnskap i Noreg, di større potensiale har norsk næringsliv.

På område etter område er det klart at fleirspråkkunnskap har stor verdi. Likevel vert møtet med eit nytt språk heller sett på som ei byrde enn eit høve. Dette kjenner vi att i sidemålssynet mange i Noreg har. Hadde verdsetjing av fleirspråkskunnskap vore utbreidd i Noreg, så hadde fleire hatt ei positiv haldning til å lære både nynorsk og bokmål. Dagens sidemålsnegativisme er grunna i trongsyn og negative språkhaldningar.
I Noreg er vi heldige, som kan lære to skriftspråk i ung alder. Den spesielle språksituasjonen i landet er ein styrke. Om vi berre klarar å sjå forbi sneversynet slik at vi fattar verdien.

Europarådet sin rapport om språklæring i Noreg oppsummerer det slik:
”there exists in Norway a rich potential for the development of policies which promote plurilingualism in individuals because, although they are largely not aware of it and value it little, Norwegians are plurilingual already.”
Valet mellom einfald og fleirspråk bør vere enkelt.

Utfordring 7 og 8: Sidemålshets og sidemålsundervisning
Vi har i lang tid sett at sidemålet er under press. Eg trur dei neste 10 åra vil vere avgjerande for sidemålet i norsk skule.
Og her har vi to utfordringar: Kampen mot sidemålshets og sjåvinisme i ungdomspartia, og arbeid for kvalitet i sidemålsundervisninga. I tillegg er verdsetjing av fleirspråk ei viktig utfordring òg når ein ser på sidemålet.
Kva er ”valfritt sidemål”? ”Valfritt sidemål” er eit svik mot det tospråklege Noreg og ei ignorering av norsk kultur og historie. ”Valfritt sidemål” betyr i praksis at staten vert einspråkleg, at vi får den reine bokmålsstaten. ”Valfritt sidemål” har diverre eit stortingsfleirtal på meiningsmålingane. ”Valfritt sidemål” er ein marknadsføringsgimmick for å fiske røyster i eit vatn av kunnskapsløyse, skuletrøyttleik og rein sjåvinisme.

Når Framstegspartiets ungdom og Unge Høgres Landsforbund snakkar om billeg sprit og valfritt sidemål i skulevalkampen, så er det undergraving av politisk arbeid. Det er ikkje utan grunn at ungdomspartileiarane trekkjer eit letta sukk når dei er ferdige med å måtte ha sprit og sidemål som sine fanesaker. For det er politikk dei er opptekne av, ikkje det taskenspelet som dei må gjennomføre for å sanke elevrøyster i skulevalsirkuset.
Og det er berre språk som ein framleis kan hetse i skulevala. Hets om kjønn, hudfarge, etnisitet, seksuell orientering og religion er ikkje lenger brukande. Men å kaste ei ordliste i golvet, og å kalle hovudmålet til over 80 000 elevar for grautmål og rautmål, slik sjikane og sjåvinisme er greitt på norske skular i august-september annakvart år.
Og grunna desse skulevalsrøystene med ekkel bismak så har to vaksenparti sagt at dei er for ”valfritt sidemål”. Medan nynorskbrukarar og kulturmedvitne i partia ikkje kan gjere anna enn å stå på sidelina og late ungdomspartia ture fram.

Den dagen nynorskhets i skulevala sluttar å gje høg oppslutnad, kjem Høgre og Framstegspartiet ikkje lenger til å vere så interesserte i saka. I Høgre vonar eg den forsvinn heilt. Denne utfordringa kan og må vi ta tak i kvar gong det er val. Neste gong er 2011, og eg vonar vi kan redusere Unge Høgre og Framstegspartiets Ungdom si utteljing på nynorskhets alt då.

Men, samstundes må vi vedkjenne at låg oppslutnad om sidemål òg har ei anna og meir oppriktig utfordring, kvaliteten på sidemålsopplæringa. Om elevane ikkje opplever at dei har lært å bruke sidemålet etter mange års obligatorisk opplæring, så er det ikkje anna å vente enn at dei stiller spørsmål med kvifor dei skal ha den. Og eg er i tvil om sidemålsopplæringa i dag gjev resultat som samsvarar med mål og læreplan.
Vi veit at lærarane sin kunnskap i norsk er mangelfull, og vi veit at det står særleg dårleg til med nynorskkunnskapen til dei som går ut lærarutdanninga. Vi veit òg at mange nyutdanna lærarar tek med seg negative haldningar til nynorsk som sidemål ut i skulen. Og vi kan ikkje tru anna enn at dette har konsekvensar for sidemålsopplæringa.
Skal vi sikre sidemålet, noko som i praksis er å sikre eit tospråkleg Noreg med nynorsk og bokmål som likeverdige språk, så er utfordringa å få ei sidemålsopplæring som gjer at elevane opplever at dei har fått både kunnskap og meistring i sidemålet.

Då må nynorsk i lærarutdanninga styrkjast. Og godt er det at vi alt veit om tiltak med effekt. På Høgskolen i Oslo har ein prosjektet ”Nynorsk i lærarutdanninga, vurdering av eit opplegg knytt til skrivemappe på nynorsk”. Her har ein på allmennlærarutdanninga prøvd ut at alle mappearbeid i 1. klasse skal ha nynorsk som målform. Og sjølvsagt gjev meir nynorskskriving betre nynorskkunnskap. I tillegg ser ein frå prosjektet at meir nynorskskriving òg gjev positivt endra haldning til nynorsk. Som ein av studentane skreiv i mappa si: ”Det å arbeide med nynorsk her på høgskulen har fått meg til å utvikle eit positivt forhold til nynorsk.”

Og dette som verkar på lærarstudentane verkar nok òg på elevane. Meir nynorskskriving og -lesing er eit langt betre svar på sidemålsutfordringa enn ”valfridom”.
Det viktigaste verkemiddelet for betre sidemålskunnskap er likevel å starte tidlegare. No byrjar ein med sidemål omtrent samstundes med at evna til språklæring tørkar ut. Menneske si evne til å lære språk går drastisk ned i byrjinga av puberteten. Om lag når ein byrjar med sidemål.


Utfordring 9: Sidemålsopplæring for fleirspråklege born
Ei eiga utfordring er dei som skulen aktivt har oppmoda til å la vere å ha nynorsk sidemål; minoritetsspråklege, eller rettare sagt fleirspråklege, born.

”Vegen til helvete er brulagt med gode føremål”, heiter det. Og det var sikkert eit godt føremål, saman med vankunne og fordomar, som gjorde at alle med anna morsmål enn norsk har hatt rett til fritak for sidemål.
Resultatet er at vi i Noreg i dag har ein heil generasjon med born av innvandrarar som ikkje har lært nynorsk i skulen. For det er berre nynorsk som sidemål ein har teke fritak for. Eg kjenner ikkje til nokon som har hatt fritak for bokmål som sidemål. I nynorskområde har ikkje skulane late denne dumskapen råde.

Denne generasjonen har no eit problem i alle samanhengar der ein forventar nynorskkunnskap. Den gode intensjonen som låg bak, kva det no var, har gjort dei til språkleg annanrangs borgarar. Og i tillegg vert dette brukt til å legitimere lægre krav til nynorskkunnskap i ulike samanhengar, mellom anna offentleg forvaltning, av di ein ikkje kan stengje ute dei som ikkje har lært nynorsk på grunn av det fatale fritaket.

MIRA – Ressurssenter for innvandrar- og flyktningjenter sa i 2006 i brev til Likestillings- og diskrimineringsombodet at det ikkje finst forsking som tilseier at minoritetsspråklege barn ikkje vil kunna tileigna seg nynorsk på lik linje med sine norske medelevar. At minoritetsspråklege barn er rådde frå å velja nynorsk sidemål i skulen, kan difor etter MIRAsenterets syn ikkje grunngjevast i minoritetsspråklege årsaker, skriv dei
Utdanningsdirektoratet seier sjølve at ”elever fikk fritak fra skriftlig sidemål på grunn av etnisk-språklig bakgrunn og ikke kompetanse, dersom eleven kunne vise til at han/hun hadde et ”anna morsmål””

Hausten 2009 vart reglane endra, slik at ein no berre skal kunne gje fritak for elevar som har særleg språkopplæring. Men haldninga sit nok fast i skulen. Det er difor både ei utfordring å sikre at dei nye reglane vert følgde, samt å syte for at alle dei elevane som i praksis ikkje fekk tilbod om opplæring i nynorsk skal få høve til å tileigne seg denne kunnskapen no.

Utfordring 10: Nynorsk for innvandrarar
Tenk deg at du går nedover gata i ei bygd i Setesdal og treff to innvandrarar. Den eine pratar gebrokke bokmål med utanlandsk aksent, den andre pratar gebrokke nynorsk med utanlandsk aksent. Tenk etter kven av dei to du lettast ville kategorisere som utlending.

Tenk så etter korleis du trur talemålet deira vil vere om to år, kven av dei vil kunne tileigne seg den lokale dialekten.
Ein av dei fjernsynsreklamane flest hugsar er taxisjåføren som får spørsmål om kor han er frå. Spørsmålet kjem openbert på grunn av at mannen har mørk hud og rastafrisyre. Dei aller fleste som ser han tenkjer – medvite eller umedvite – at han er utlending eller innvandrar. I det han opnar munnen og seier ”Æ e frå Harstad, enn du?”, så har han brått fått ein annan og ny identitet i hovuda til dei aller fleste sjåarane. Dialekt er nemleg sterkare enn hudfarge som assosiasjonsmakar. Nett difor burde vi gjere det lettare for innvandrarar å lære den lokale dialekten. Nett difor burde innvandrarar lære nynorsk.

Og ein innvandrar som lærer nynorsk i staden for bokmål vil òg forstå den lokale dialekten betre. Det var ein vekkjar for ordføraren i ein nynorskkommune då han oppdaga at han var nøydd å språke på bokmål i eit møte med tilflytte innvandrarar for at dei skulle forstå han. Då intensiverte han innsatsen for å få på plass norskopplæring på nynorsk for innvandrarane i kommunen.

Nynorsk for innvandrar er som eit Kinder-egg. Den gjev tre ting på ein gong. Den gjev innvandrarar større dialektforståing, den reduserer fordomar og stereotypiar, og den styrkjer posisjonen til nynorsk.
For innvandrarar til nynorskområde som ikkje har lært anna norsk enn bokmål er eit trugsmål for nynorsken. Om desse til dømes ønskjer at ungane deira skal ha bokmål som opplæringsmål fordi det er det einaste hovudmålet der dei kan hjelpe ungane med leksene, av di dei ikkje sjølv har fått lære nynorsk, så er dette forståeleg. Og vi veit om tilfelle der innvandrarar som berre hadde hatt høve til å lære bokmål gjorde i utslag feil veg i skulerøysting.
Utfordringa om nynorsk for innvandrarar syner korleis målsaka fremjar så mykje meir enn nynorsk. Målsak fremjar målmedvit, fleirspråk, integrering og betre tilhøve mellom menneske.

Det er difor viktig at vi i mållaget tek desse utfordringane:
• Utfordring 1: Kvalitetssikra språk i læremiddel
• Utfordring 2: Skuleeigar sitt ansvar
• Utfordring 3: Folketalsutvikling og busetjingsmønster
• Utfordring 4: Oppslutnad om dialekt
• Utfordring 5: Næringsliv og nynorsk i marknadsføring
• Utfordring 6: Verdsetjing av fleirspråk
• Utfordring 7 og 8: Sidemålshets og sidemålsundervisning
• Utfordring 9: Sidemålsopplæring for fleirspråklege
• Utfordring 10: Nynorsk for innvandrarar

10 utfordringar på 10-talet.

Takk for meg.
 

Relaterte filer:
Leiartale, 2010 (pdf-fil)
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no