Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Johan Einar Bjerkem og Torunn Hernes Bjerkem

 (17.04.2010)





















Då Håvard B. Øvregård delte ut Målblomen, sa han dette:
Styret deler ut Målblome til folk som har gjort ein god innsats for nynorsken. No som vi er her på Stiklestad i Nord-Trøndelag vil vi gje heider til nynorskbruk nettopp her i fylket.

Målblomen vil vi gje til Bjerkem Natur og Kultur for god bruk av nynorsk. Og dei som står bak Bjerkem Natur og Kultur er Johan Einar Bjerkem og Torunn Hernes Bjerkem.

Med utgangspunkt i garden Bjerkem, i Henning i Steinkjer, har dei mange aktivitetar. Her finn ein både økologisk gardsdrift, gardsovernatting, lokal mat og kulturformidling. Dei har eit samarbeid med NTNU og Rådet for folkemusikk og folkedans som har studietilbodet "Innføring i Norsk folkedans" på garden på Bjerkem. På garden finn ein også Bunadsburet som syr og sel bunader frå Nord-Trøndelag.

For oss som er opptekne av at bygde-Noreg skal ha ei god framtid, er det ikkje tvil om at bygdene treng slik innovativ og moderne bygdeutvikling.
All denne aktiviteten er på nynorsk. Det er ikkje mange i Nord-Trøndelag som har nynorsk som kvardagsspråk slik Bjerkem Natur og Kultur har. Dei syner at det går fint å nytte nynorsk i næringsverksemd, også i Trøndelag. Noregs Mållag ser at dette er det aller viktigaste målarbeidet – å bruke nynorsken.

Johan Einar Bjerkem og Torun Hernes Bjerkem kjem begge frå målfamiliar i generasjonar. Dei har vore særs aktiv i den frilynde ungdomsrørsla. Då Johan Einar Bjerkem var leiar i Noregs Ungdomslag hadde Mållaget eit godt samarbeid med han.

Noregs Ungdomslag har ein eigen song. Og eg vil låne eit strofe frå den songen:
"Folkekulturelle, samfunnsaktuelle, nytt og gamalt høyrer saman"
Det er særs dekkjande for Johan Einar og Torun sitt virke. Takk for det!


Bilete til nedlasting: Johan Einar Bjerkem og Torunn Hernes Bjerkem saman med Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no