Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Krev ein ny politikk for fleirspråk

 (18.04.2010)

Landsmøtet i Noregs Mållag ventar at kunnskapsminister Kristin Halvorsen tek i bruk fleirspråklege strategiar for språkopplæring.

Håvard B. Øvregård peikar på at ein slik politikk vil vere nyttig for heile samfunnet.
- Likevel vert møtet med eit nytt språk heller sett på som eit problem, seier Håvard B. Øvregård, som også er oppteken av å gje innvandrarar opplæring på nynorsk.

- Nynorsk for innvandrarar er som eit Kinderegg. Det gjev tre ting på éin gong. Det gjev innvandrarar større dialektforståing, det reduserer fordomar og stereotypar, og det styrkjer posisjonen til nynorsk.

Jens Kihl er vald til ny nestleiar. Med sine 24 år er han ein av dei yngste nestleiarane i Mållaget nokon gong. Jens Kihl er tidlegare leiar i Norsk Målungdom og kjem frå Oslo.
Helga Hjetland, tidlegare leiar i Utdanningsforbundet, vart også vald inn i styret.

Det nye styret vart vald på landsmøtet i Noregs Mållag på Stiklestad 17. april 2010. Det er Håvard B. Øvregård, leiar (Oslo), Jens Kihl, nestleiar (Oslo), Helga Hjetland (Høyanger), Bente Riise (Oslo), Aud Søyland (Valdres) og Jon Todal (Kautokeino / Guovdageainnu). Fast møtande 1. vara: Terje Kjøde (Ørsta), 2. vara: Olav Kuvås (Skaun), 3. vara: Marit Aakre Tennø (Luster) og 4. vara: Reza Rezaee (Oslo). Janne Nygård er vald frå Norsk Målungdom.



Bilete til nedlasting:
Håvard B. Øvregård og Jens Kihl, leiar og nestleiar i Noregs Mållag (Foto: Kjartan Helleve)

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag (Foto: Kjartan Helleve)

Jens Kihl, nyvald nestleiar i Noregs Mållag (Foto: Kjartan Helleve)



For meir informasjon:

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 23 157 (m)
Jens Kihl, nestleiar, 992 31 490 (m)
Hege Lothe, informasjonsmedarbeidar, 926 48 348 (m)

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no