Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Fråsegn vedteken på landsmøtet:

Må få nynorsk trusopplæring i statskyrkja

 (18.04.2010)

Skulen har frå midt på 1700-talet og fram til slutten av 1900-talet vore arena for Den norske kyrkja si trusopplæring. I 2004 kom trusopplæringsforma, og etter den har alle trussamfunn ansvar for å læra opp sine eigne medlemmer. Statskyrkja, med sine 3,9 mill medlemmer, vedtok i november 2009 ”Plan for trusopplæring”. Framleis blir nærare 75 prosent av alle som er fødde i landet, døypte i Den norske kyrkja, og det er såleis mange born og unge, 0-18 år, som skal få tilbod om ei brei opplæring. Etter planen skal dei ha til saman 315 timar med systematisk og samanhengande trusopplæring. Kvart sokneråd skal ha ansvar for å laga lokale opplæringsplanar. Staten følgjer opp med å løyva pengar til arbeidet.

Noregs Mållag er glade for at samiske ungar og likeins døve skal få opplæring tilrettelagd på sitt eige språk. Men Mållaget er uroa over at språkspørsmål, især tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, elles ikkje er nemnde i den vedtekne planen.

Noregs Mållag krev at born og unge blir sikra eit tilbod om ei fullverdig trusopplæring på nynorsk. Trusopplæringa handlar om dei store livsforteljingane, og dei talar til hjarta. Særleg derfor er målforma viktig her.

Noregs Mållag krev at statskyrkja får på plass eit regelverk etter mønster frå opplæringslova i skulen, slik at born og unge, i tråd med St.meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining, kan bli trygge og gode språkbrukarar på sitt eige hovudmål. I trusopplæringa inngår de tmykje song og forteljingsstoff. Tilbod om nynorsk i tekst og tale har så langt vore dårleg. IKO, kyrkjeleg pedagogisk senter, er formelt involvert i trusopplæringsarbeidet. Men IKO-forlaget, som gjev ut mykje religionspedagogisk materiell, har svært lite på nynorsk. Staten må sikra at tilbodet om undervisningsmateriell i trusopplæringa blir like godt for dei med nynorsk som hovudmål, som for dei med bokmål."
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no