Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fråsegner frå landsmøtet

 (18.04.2010)

Skuleeigarane må ta ansvar for nynorsk i skulen
Det har lenge vore kjent at mange som har nynorsk som opplæringsmål, skiftar frå nynorsk til bokmål. Ei fersk undersøking frå Valdres viser at tre av fire som har vore nynorskbrukarar i grunnskulen, går over til bokmål innan dei er ferdige med ungdomsskule og vidaregåande skule. Undersøkinga viser at skiftet frå nynorsk til bokmål i stor grad skjer ved overgangen frå barneskule til ungdomsskule eller i ungdomsskuletida. Det tyder på at ungdomsskulen i enkelte landsdelar er ein stor språkskiftefabrikk, og det er all grunn til å etterlysa ”fabrikkeigaren” si evne til å ta ansvar for språkopplæringa.

St.meld. 35 (2007–2008) Mål og meining peikar på at alle må få høve til å ta vare på og utvikla morsmålet for å vera sikra rett til demokratisk deltaking i samfunnet. Meldinga seier vidare at me veit for lite om grunnane til målbytet, og at me treng forsking på området. Også St.meld. 23 (2007–2008) Språk bygger broer uttrykkjer at målbytet gjev stor grunn til uro, og at det må setjast inn ressursar for å motverka det sterke presset nynorskelevar blir utsette for.
Det er såleis vedteken politikk å gjera nynorskelevane trygge i eiga målform og å få dei til å halda på målet sitt. Samtidig er det vedteken politikk å gje alle elevar full kompetanse i begge dei norske målformene.

Dersom nynorskelevane reelt skal ha gode vilkår for å halda på målet sitt, må dei få ein annan type opplæring enn bokmålselevane. Dei må gjerast medvitne om språklege maktstrukturar, om verdien ved å halda på eige mål, dei må ha lærarar som er støe i nynorsk, og dei må få rettleiing i å finna fram til nynorske tekstar også utanom skulen. Det er viktig at elevane møter god nynorsk i alle fag, og difor må alle faglærarar vere kunnige i nynorsk. Det er skuleeigar som må ta ansvar for å gjennomføra gjeldande språkpolitikk, og det inneber at skuleeigar heile tida må vurdera kva som skal til for å gjera elevane trygge i eige hovudmål.

Landsmøtet i Noregs Mållag, samla på Stiklestad 16.–18. april 2010, ber alle skuleeigarar som har elevar med nynorsk hovudmål, om å ta ansvar, og gje elevane den opplæringa som skal til for at dei kan velja å halda fram som nynorskbrukarar.


Katastrofalt frå NDLA
I 2007 gjekk 18 fylkeskommunar saman om å skipa Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA). Føremålet med tiltaket var mellom anna å redusera kostnader til læremiddel i den vidaregåande skulen.

Frå hausten 2009 kutta fleire fylkeskommunar i løyvingane til skulane, slik at dei vart tvinga til å ta i bruk tilbodet frå NDLA. Dette har skjedd utan kvalitetssikring av innhaldet som ligg ute på nettsidene, og den språklege kvaliteten på mykje av det som har vore publisert, kan karakteriserast som katastrofal. Sidene som er omsette frå bokmål til nynorsk, har vore fulle av feil, mangla samsvarsbøying, rett kjønn og rette endingar, og det er nytta ord som ikkje finst.

Mange elevar og lærarar har reagert på det språklege innhaldet. Dei opplever det som frustrerande med alle språkfeila i tekstane, det irriterer at delar av sidene er på bokmål, og at det er lenkjer til bokmålstekstar der det kunne vore lenkje til ein nynorskversjon.
NDLA var klar over den dårlege kvaliteten på språket i lang tid, utan at redaksjonen gjorde nemneverdig mykje for å retta det opp. Ei lærebok av tilsvarande dårleg kvalitet ville aldri vorte gjeven ut, og langt mindre nytta i skulen. Likevel er det dette opplæringsmaterialet mange nynorskelevar må bruka når fylkeskommunane ikkje løyver nok pengar til at skulane kan kjøpa inn bøker eller andre digitale læremiddel.

Langt inne i skuleåret var svært lite gjort frå NDLA si side for å retta opp i språket på sidene deira. Dei hadde heller ikkje valt å trekkja attende uhaldbart stoff når dei ikkje greidde å retta opp språket innan rimeleg tid.
NDLA har sett av 2 millionar til språkvask av allereie publisert materiell. Til no har dei berre fått brukt ein liten del av dette.

NDLA tek ikkje ansvaret sitt som utgjevar på alvor. Arbeidet med det redaksjonelle innhaldet har vore tilfeldig og utan god nok kvalitetssikring, noko som gjer NDLA til ein mindre seriøs tilbydar av undervisingsmateriell. Når skulane ikkje kan velja anna materiell eller andre bøker, står både skulane og elevane att i ein uhaldbar situasjon.
Kunnskapsdepartementet er ansvarleg for opplæringa i Noreg, og kan ikkje vere friteken frå det overordna ansvaret i denne saka.

Landsmøtet i Noregs Mållag krev at fylkeskommunane og regjeringa tek på alvor det ansvaret dei har som skuleeigarar, og løyver naudsynte midlar til lærebøker og læremiddel med god kvalitet. Det må vera eit krav at læremiddel som vert lagde ut på nett, har same språklege kvalitet som trykte lærebøker.


Meir pensum på nynorsk
I dag er ein marginal del av pensumet ved universiteta og høgskulane på nynorsk. Det er ei av årsakene til at mange studentar vel å bytte frå nynorsk til bokmål. Landsmøtet i Noregs Mållag krev at universitets- og høgskulesektoren blir med på å snu utviklinga.

Kvart år byrjar nye kull med studentar på universitet og høgskular dominerte av engelsk og bokmål, både på pensumlister, nettsider og eksamensoppgåver. Det gjer at det blir vanskeleg for dei nye studentane å halde på nynorsken.

Praksisen ved universiteta varierer: Universitetet i Bergen legg i større grad enn Universitetet i Oslo (UiO) til rette for nynorskbruk. Der leverer no 7 prosent av masterstudentane masteroppgåve på nynorsk, medan det tilsvarande talet ved UiO er 2 prosent, i følgje studentavisa Universitas. UiO og dei andre nasjonale utdanningsinstitusjonane har eit særleg ansvar for å fremje bruk av nynorsk, ikkje minst med tanke på kor mykje språkleg kompetanse denne sektoren rår over.

I dag blir det skrive og omsett mange bøker til innføringsfag med mange studentar, som til dømes i ex.phil. Her bør universiteta og høgskulane leggje til rette for at ein større del av desse innføringsbøkene blir skrivne på og omsette til nynorsk. I tillegg har institusjonane eit ansvar for å synleggjere relevant litteratur på nynorsk som alt finst. Her har sektoren ein lang veg å gå.


Støtte til forsking på nynorsk
Til kulturdepartementet og kunnskapsdepartementet

Landsmøtet i Noregs Mållag, Stiklestad 16.-17. april 2010, vil oppmoda kunnskapsdepartementet og kulturdepartementet om å stø forsking som kan skaffa fram ny kunnskap om vilkåra for nynorsk mål og framtidsvegane for språket. Det trengst kunnskap om korleis nynorsken kan styrkja stillinga si i det offentlege og det private her i landet.

Bakgrunnen er at stoda for nynorsken i det norske samfunnet er samansett. Det er framgang innan til dømes litteratur og media, medan skulemålet er pressa fleire stader. Særleg gjeld dette i og rundt dei store byane.

Det trengst kunnskap om målbyte: Kvifor skiftar foreldre, skulelevar og studentar frå nynorsk til bokmål, jamvel om all røynsle tilseier at nynorsk ville vera eit betre val.
Kvifor held somme kommunar betre på nynorsken enn andre? Dette er somme av dei spørsmåla som kan takast opp i slik forsking.

Det bør leggjast til rette for nasjonal tverrfagleg og fleirfagleg forsking. Døme på fag som kan vera interessante er : filologi, historie, statsvitskap, sosiologi , psykologi, jus , økonomi, filosofi og medievitskap. Dette er område kulturnasjonen Noreg må forske på, 125 år etter at Stortinget fatta jamstillingsvedtaket.


Nynorsk i trusopplæringa i statskyrkja
Skulen har frå midt på 1700-talet og fram til slutten av 1900-talet vore arena for Den norske kyrkja si trusopplæring. I 2004 kom trusopplæringsreforma, og etter den har alle trussamfunn ansvar for å læra opp sine eigne medlemmer. Statskyrkja, med sine 3,9 mill medlemmer, vedtok i november 2009 ”Plan for trusopplæring”. Framleis blir nærare 75 prosent av alle som er fødde i landet, døypte i Den norske kyrkja, og det er såleis mange born og unge, 0-18 år, som skal få tilbod om ei brei opplæring. Etter planen skal dei ha til saman 315 timar med systematisk og samanhengande trusopplæring. Kvart sokneråd skal ha ansvar for å laga lokale opplæringsplanar. Staten følgjer opp med å løyva pengar til arbeidet.

Noregs Mållag er glade for at samiske ungar og likeins døve skal få opplæring tilrettelagd på sitt eige språk. Men Mållaget er uroa over at språkspørsmål, især tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, elles ikkje er nemnde i den vedtekne planen.

Noregs Mållag krev at born og unge blir sikra eit tilbod om ei fullverdig trusopplæring på nynorsk. Trusopplæringa handlar om dei store livsforteljingane, og dei talar til hjarta. Særleg derfor er målforma viktig her.

Noregs Mållag krev at statskyrkja får på plass eit regelverk etter mønster frå opplæringslova i skulen, slik at born og unge, i tråd med St.meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining, kan bli trygge og gode språkbrukarar på sitt eige hovudmål. I trusopplæringa inngår det mykje song og forteljingsstoff. Tilbod om nynorsk i tekst og tale har så langt vore dårleg. IKO, kyrkjeleg pedagogisk senter, er formelt involvert i trusopplæringsarbeidet. Men IKO-forlaget, som gjev ut mykje religionspedagogisk materiell, har svært lite på nynorsk. Staten må sikra at tilbodet om undervisningsmateriell i trusopplæringa blir like godt for dei med nynorsk som hovudmål, som for dei med bokmål."



Offentlege føretak må fylgje mållova
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at regjeringa må gjere det tydeleg at offentlege føretak fell inn under lov om målbruk i offentleg teneste. Landsmøtet meiner det offentlege ikkje kan byråkratisere seg bort frå ansvaret for norsk språk generelt, og nynorsk særskilt.

Noregs Mållag mottek kvart år spørsmål frå tilsette og kundar i føretak som NSB, Posten og andre, som ynskjer å sjå meir nynorsk i desse verksemdene. Dette gjeld i publikumsretta materiell, på nettsider og all intern tekstproduksjon. Denne vinteren har Noregs Mållag særleg hatt dialog med Posten. Landsmøtet vonar at denne dialogen vil føre til at Posten fylgjer mållova og til dømes opnar for at offentlege verksemder kan stemple breva sine med Noreg.

Nynorsken kunne notere seg ein viktig siger då dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete slo fast at slike verksemder skal fylgje mållova, men det står framleis att eit arbeid for å fylgje opp dette prinsippet i praksis. Stortingsmeldinga ”Mål og meining” slår fast prinsippet nynorsk, som går ut på at omsynet til nynorsk skal bli vurdert eksplisitt i alle samanhengar der norsk språk er ein relevant faktor.

Den raudgrøne regjeringa har slege fast at ho ynskjer ein aktiv, statleg eigarskap. Landsmøtet i Noregs Mållag ynskjer at denne politikken òg skal gje språkleg profitt.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no