Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stipend til Tryti Vennerød og Gudnason

 (18.04.2010)

Maria Tryti Vennrød og Runar Gudnason er blitt tildelt kvart sitt stipend på 50 000 kroner frå Noregs Mållag.

- Nynorsk treng å bli brukt, av alle, på alle stader og til alle tider. Nynorsk har vunne rom på stendig fleire område i samfunnet, og støtt har nynorsk vore ein del av avantgarden, heilt frå Vinjes ”Dølen” og i dag Maria Tryti Vennerøds "Visitt", sa Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, ved utdelinga av stipendet.

Maria Tryti Vennerød får stipendet for multimedieprosjektet "Visitt". Prosjektet vert laga saman med Julian Skar og Ingeleiv Berstad. Ho var sjølv på landsmøtet for å ta i mot stipendet, medan Runar Gudnarson aldri fekk teke fly frå København.

Den andre vinnaren av stipendet er Runar Gudnason, tekstforfattar og rappar bandet Side Brok.

Runar Gudnason ynskjer å skrive og redigere ein rappelyrikkens poetikk, ein antalogi over breidda og mangfaldet i den norske hip-hopkulturen. Sjølvsagt på nynorsk. I søknaden skriv Runar Gudnason at det ikkje finst brukande bøker på dette området så "kvifor skal ikkje nynorsk like godt ta leiinga på dette feltet?"

Styret i Noregs Mållag er heilt samd og er glade for å gje Runar Gudnason 50 000 kroner i arbeidet med å skriftfeste soga og skrive om framtida til hip-hopen.

Det er styret i Noregs Mållag som avgjer kven som skal få dei to stipenda. Prispengane er ei løyving frå Kulturdepartementet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no