Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Krev norsk i Statoil

 (23.04.2010)

Håvard B. Øvregård

- Eg reagerer på at Statoil no avviklar norsk som språk i møte med leverandørar og samarbeidspartnarar. Det er dramatisk at ei av dei største verksemdene i Noreg ikkje lenger vil ha kontakt med omverda på norsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Han meiner regjeringa må bruke eigarskapen sin til å sikre bruk av norsk språk i Statoil.

- Statoil må hugse at dei ikkje er eit tilfeldig aksjeselskap, men ei verksemd der staten eig over to tredelar av aksjane. Dette har gjeve Statoil mange fordelar, men òg eit særskild ansvar. Statoil må hugse kor dei kjem frå og kven dei er til for, understrekar Øvregård. Han meiner næringsminister Trond Giske har eit særskild ansvar i denne saka, saman med olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

- Giske kom frå stillinga som kulturminister, der han mellom anna lanserte språkmeldinga Mål og meining. Der peika Giske på at næringslivet var særleg utsett frå press frå engelsk, og at arbeidet for å sikre eit norskspråkleg næringsliv måtte ha høg prioritet. Eg vil utfordre næringsministeren på kva han har å seie til at Statoil no meiner at leverandørar som til dømes Magne Hope entreprenørforretning på Mongstad skal utføre all kommunikasjon med Statoil på engelsk, seier mållagsleiaren.

Stortingsmeldinga peika særleg på den viktige rolla Statoil spela for norsk språk i "oljå":

"Som det første norske selskapet som fekk operatøransvaret for eit felt på norsk sokkel, vedtok såleis Statoil å bruka norsk som arbeids- og administrasjonsspråk på Gullfaks-feltet, som kom i drift frå 1985. <...>Det å visa at også det norske språket dugde, vart sett på som eit ledd i arbeidet med å etablera ein norsk oljeindustri som stod på eigne bein. <.> I løpet av 1980-åra følgde så internasjonale oljeselskap i fotefara til Statoil og tok i bruk norsk som arbeidsspråk i Nordsjøen. Verknaden var mellom anna at tryggingsnivået vart betre, og dessutan at det vart lettare for andre delar av norsk næringsliv å kommunisera med oljenæringa."

Stortingsmelding nr. 35 2007-2008 "Mål og meining", s.103, kapittel 7.2.3.5 og 7.2.3.6

- Statoil har ei stolt historie å sjå tilbake på, ei historie som dei no skitnar til med manglande språkmedvit. Denne saka er særs alvorleg, og vert ein test på om regjeringa står ved dei fagre orda i språkmeldinga Mål og meining. Staten kan og bør bruke eigarskapen sin til å sikre gode vilkår for bruk av norsk i næringslivet, avsluttar mållagsleiar Øvregård.


Kontaktinformasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 91 77 31 57
Jens Kihl, nestleiar, 99 23 14 90
Høgoppløyseleg pressebilete av Håvard B. Øvregård

Jens Kihl
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no