Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målstreken i Valdres

 (28.04.2010)

Målstreken-prosjektet tok til i 2009, mellom anna med ei undersøking om målval blant elevane på Valdres vidaregåande skule. Undersøkinga syner at heile 75 prosent av nynorskbrukarane skiftar målform løpet av
skuletida. Prosjektleiar Karen Marie Kvåle Garthus er bekymra for det store fråfallet.
– Det er eit dårleg teikn at så mange kvittar seg med nynorsken i løpet av det 13-årige skuleløpet. Det finst ein kjerne med nynorskskrivarar som vil halde på nynorsken, men det krev stort medvit. Bokmålsstraumen er sterk.

Inga moralisering
– De har nett starta prosjektet, korleis er responsen frå elevar og lærarar?
– Tilbakemeldingane frå lærarane er positive, ingen har ytra seg negativt om prosjektet, men haldningane kan sjølvsagt fi nnast likevel. Utfordringar knytte til målbyte er noko lærarane ynskjer hjelp til utanfrå, fortel dei. Fleire
av lærarane er dessutan opptekne av å vera nøytrale til målformene i skulekvardagen, og ikkje tematisere målbyte i undervisinga. Nettopp difor er dei sæle for at vi kjem inn med haldningsskapande arbeid. Nynorsk er òg eit politisk spørsmål, og som lærarar vil dei ikkje moralisere. Moralisere ynskjer heller ikkje eg som prosjektleiar å gjera, men eg
kjem i ein annan posisjon enn lærarane på skulen.

– Kva seier elevane?
– Dei verkar positive til at eg kjem på besøk, men det er vanskeleg å vite kva slags inntrykk dei sit att med.
Elevane er stort sett blide og høflege, men det betyr ikkje at dei har fått med seg noko. Men eg vel å tru at det er viktig for mange av nynorskbrukarane å få høyre at det språkvalet dei så langt har teke, er bra.
– Skal de følgje opp elevane i etterkant?
– Vi vil gjera eit måling i slutten av prosjektet. Korleis denne blir, veit vi førebels ikkje.

Motivere
– Tala frå undersøkinga i den vidaregåande skulen er kanskje ikkje særleg oppløftande for dei som arbeider for og med nynorsk. Når alt kjem til alt – har det nokon hensikt å setje i verk tiltak som Målstreken? Hjelper det?
– At elevar skiftar hovudmål i skulen er ikkje eit nytt fenomen, men er ein tendens som har gått føre seg i mange år. Difor er det også eit politisk mål å gjera noko med situasjonen. Det er mellom anna nedfelt i stortingsmeldingane, Mål og meining og Språk bygger broer. Vi kjem nok ikkje dit at alle held på nynorsken gjennom heile skuleløpet, men målet er at fråfallet ikkje skal vera så stort som i dag, at færre skiftar. Det viktigaste er å appellere til dei som ikkje har gjort seg så mange tankar omkring språkskifte, motivere desse til å halde på nynorsken. Ei sterkare tematisering av språkskiftet trur eg i seg sjølv er viktig.
– Når så mange av elevane skiftar målform frå nynorsk til bokmål – seier det også noko om feilslåtte og mislykka strategiar frå til dømes Noregs Mållag?
– Eg kan ikkje seia så mykje om strategiane til Noregs Mållag. Det er heller ikkje riktig å seia at det er Noregs Mållag sitt ansvar at nynorsken har levelege kår. Vi skal ikkje privatisere eit off entleg ansvar.

Grunngjeving for målbyte
– Kva seier undersøkinga de gjorde på den vidaregåande skulen? Kva er forklaringane på språkskiftet?
– Dei fl este seier at det er lettare å bruke bokmål, enkelt og greitt. Bokmål er overalt, fortel elevane. Dette ser elevane både i media og i samfunnet elles. Det betyr at dei unge oftare tek til seg bokmål, passivt og aktivt. Då blir det også
lettare å gjera bokmålet til sitt. Negative haldningar går også att, og desse heng nok også saman med følelsen av ikkje å meistre nynorsk. Ein gjer heller ikkje så mykje for å meistre det ein er negativ til.

– Målarbeid gjer seg ikkje sjølv – korleis finansierer de prosjektet?
– Noregs Mållag sentralt har garantert for prosjektet gjennom tre år. Vi har også søkt fl eire instansar, og held sjølvsagt fram med det. Busk-Mål har mellom anna gjeve 50 000 kroner. Sørli-legatet har gjeve oss 10 000 kroner.
– Er Målstreken rett oppskrift for å motvirke at fleire skiftar frå nynorsk til bokmål?
– Det er det vi vil fi nne ut av. Dette er den ideen som har vore lettast å realisere. Om det er rett medisin, veit vi ikkje enno. Det er ganske arbeidskrevjande om vi må løne prosjektleiarar i arbeidet for å oppretthalde nynorsken blant
nynorskbrukarane. Men det er opplagt at ein må gjera noko, og tiltaka må nok koma frå utsida av skulesystemet. Få skular vil sjølve ta tak i problemet på grunn av svært mange andre satsingsområde. Difor er det eit viktig mål for oss å forankre prosjektet både politisk og i administrativt i kommunane. Eit prosjekt varer ikkje evig, men vi håpar å få skuleeigarane noko meir aktive i forhold til problemstillinga.

– Kva anna gjer de for å motivere elevar til å halde på nynorsken gjennom det 13-årige skuleløpet?
– Førebels skal vi peike på dei positive sidene ved å bruke nynorsk. Vi snakkar også ein del om
nynorsk som ein viktig identitetsmarkør, som ein del av «merkevarebygginga» av dei sjølve. Dette er kanskje det viktigaste. Skuleelevane treng rollemodellar som dei kan identifi sere seg med. Difor har vi nokre gonger med ungdom ut på skulebesøk, og no lagar vi også ein fi lm der ulike rollemodellar fortel kvifor dei brukar nynorsk.

Les meir om Målstreken på eiga nettside.


Artikkelen har tidlegare stått på trykk i Norsk Tidend 2/ 2010.

Knut Aastad Bråten
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no