Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

81 214 gode grunnar for nynorsk

 (29.04.2010)

Statistisk sentralbyrå har lagt fram tala på nynorsk- og bokmålselevar i grunnskulen. Det er 81 214 nynorskelevar i Noreg i skuleåret 2009/10. Talet på bokmålselevar er 530 322.

– Talet på nynorskelevar er stabilt trass i ein liten nedgang. Vi veit at mange nynorskelevar må halde ut bokmålspress og dårleg språk i læremidla sine. Eg vil utfordre staten og skuleeigarane til å arbeide med oss for å finne ut kva vi saman kan gjere for å sikre ei fullverdig opplæring for alle elevane som vil halde på nynorsken. Det finst 81 214 gode grunnar til å satse på nynorsken i skulen, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom er opptekne av at nynorsken skal ha gode levekår i Noreg. Dette er både Stortinget og regjeringa samde i.
– Då må skulen syte for at det er like lett å vere nynorskbrukar som å vere bokmålsbrukar. Vi opplever stadig at nynorskelevar og foreldra deira fortel at skulen gjer det vanskeleg å halde på nynorsk, seier Håvard B. Øvregård.

– Ei gruppe på 81 214 elevar er ei stor elevgruppe. Kvar og ein av desse elevane har like stor rett til å få opplæring på språket sitt som bokmålselevane Mange nynorskelevar får ikkje tavleundervisning og skriftleg materiale på nynorsk, seier Maria Svendsen, leiar i Norsk Målungdom. Somme vert til og med kontakta av skuletilsette som lurer på om dei kan skifte til bokmål for å gjere det lettare for skulen.

– Dette er langt frå bra nok, og her må kunnskapsminister Kristin Halvorsen ordne opp. Vi vil invitere Kunnskapsdepartementet og regjeringa med på ein dugnad for å sikre at forholda vert lagde til rette slik at det skal vere like lett å vere nynorskelev som å vere bokmålselev, seier Maria Svendsen.
I Valdres har Mållaget sett i gang eit eige prosjekt som skal motverke språkskifte mellom elevane.
– Dette er eit viktig prosjekt, og vi treng fleire slike lokale initiativ. I tillegg må vi lære av andre land som har sett inn tiltak for å styrkje posisjonen til det språket som er i mindretal, seier Håvard B. Øvregård.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom vil også peike på at det er 924 samiske elevar i skulen. Desse elevane møter ofte vel så store problem som nynorskelevane. Det er viktig at det også vert lagt godt til rette for desse elevane.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Maria Svendsen, leiar i Norsk Målungdom, 984 49 607 (m)
<a data-cke-saved-href="http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199" href="http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199" self"="" class="link">Bilete til nedlasting
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no