Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Byen med det vesle hjartet

 (07.05.2010)

I dag finst det berre éin nynorskelev att i grunnskulen i Oslo, melder SSB. At talet har gått ned med 45 sidan 2002 er ikkje i og for seg alarmerande – det er låge tal og kan knappast tolkast som at det er over og ut for nynorsken her til lands.

Likevel er det verdt å spørje seg kva som er bakgrunnen for at talet har gått såpass snøgt ned. Har stemninga snudd dramatisk frå 2002 til i dag? Hadde nynorsken kvalitetar i 2002 han ikkje har i 2010? Eller ligg svaret heilt andre plassar?

Kvart år er det innskriving av femåringane i Oslo-skulen. Samstundes med innskrivinga skal foreldre og føresette velje mellom nynorsk eller bokmål som hovudmål for ungane. Vi i Noregs Mållag blir ofte kontakta av foreldre som ynskjer å skipe nynorsk parallellklasse i Oslo. Og sjølv i dårlege år er det fleire som ynskjer dette enn minstekravet om ti elevar. Likevel er det mange år sidan sist Oslo fekk ein ny nynorskklasse. For år etter år kjem foreldra og mållaget til same, nedslåande konklusjon: Oslo kommune er såpass flinke til å vere vanskelege at det i praksis blir umogleg å få oppretta eigne nynorske parallellklassar.

Den same tendensen ser vi vidare i skulegangen og i kommunen elles: Elevar med utanlandsk bakgrunn (dansk far, oppvekst i USA eller foreldre frå Tyrkia – alt blir skore over éin kam) blir oppmoda om å velje bort vurdering i sidemål. Byrådet har ført ein krosstog for å fjerne vurderinga i sidemål for alle elevar – jamvel om det som kan krype og gå av forskarar meiner dette er ein dårleg idé. Og jamvel om Oslo er ein språknøytral kommune har kommunetilsette pålegg om å bruke bokmål. Dette teiknar eit tydeleg bilete: Ein eittspråkleg by – som ikkje tek mål av seg til å vere hovudstad for eit fleirspråkleg land.

Dei fleste land i Europa har fleire offisielle språk, slik vi har i Noreg. Det kunne vere interessant å vite kva ordførar Fabian Stang hadde fått av reaksjonar frå sine ordførarkollegaer i hovudstadane Dublin, Helsingfors eller Bern om dei kjende til språkpolitikken her i Oslo. Truleg ville dei rista på hovudet over byen som gjerne ville vere stor, men som lét husmannsånda rå.

Jens Kihl,
Nestleiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no