Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

125 år med eit tospråkleg Noreg

 (11.05.2010)

Den 12. mai er det 125 år sidan Stortinget gjorde vedtak om å jamstelle landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog». Dette var eit dristig vedtak i 1885. Svært få hadde teke i bruk det nye skriftspråket nynorsk. 125 år etter har over ein halv million nynorsk som fyrstespråk, noko som gjer nynorsk til eit stort og veletablert språk i global samanheng.

– Å vekse opp med fleire skriftspråk rundt seg er ein styrke for så vel individ som samfunn. Difor er det viktig at jamstellingsvedtaket vert følgt og at nynorsken har den plassen i samfunnet som han fortener, smiler Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Det er framleis utfordringar som står att, mellom anna nynorskforbodet i dei største tabloidavisene. Men hovudsaka i dag er at jamstellingsvedtaket i 125 år har gjort Noreg til eit rikare samfunn. Dette er vel verdt å feire, seier Håvard B. Øvregård.

Les innlegget som statsminister Johan Sverdrup held i stortingsdebatten om målspørsmålet i 1885.

Les Folkemålets Ligestillen av Stortingsrepresentantane Juel, Liestøi m.fl.

Nokre ord om 12. mai på www.allkunne.no og om 9.mai - hundre år etter og les også Eit språk blir til: 1885

I dag er det eit eige lokallag av Noregs Mållag på Stortinget. Det heiter Løvebakken Mållag. Det er stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) som er leiar i laget.


For fleire kommentarar:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no