Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Audhild blir ny dagleg leiar i Allkunne

 (02.06.2010)

– Eg ser dette som ein unik sjanse til å vere med på eit digitalt kulturpolitisk kunnskapsløft for nynorsken. Målsetjinga mi er at Allkunne på sikt skal verte Noregs beste kunnskapsbase på Internett, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn som er tilsett som ny dagleg leiar for Allkunne AS.

Allkunne er eit nynorsk digitalt oppslagsverk, som er gratis tilgjengeleg på Internett.
– Lesarane og ålmenta som søkjer til Allkunne, skal føle seg trygge på at dette er kvalitetssikra kunnskap, i ei tid der Internett fløymer over av informasjon som ikkje er kvalitetssjekka, seier Rotevatn.

Så langt inneheld nettstaden allkunne.no rundt 1000 artiklar, som alle handlar om det nynorske kulturområdet. Her er artiklar om viktige institusjonar og organisasjonar, artiklar om aviser og kommunar, artiklar om språk og språklege emne, og artiklar om mange personar, med biografien om den nye daglege leiaren som den nyaste.
På sikt skal nettstaden utvidast til å verte eit fullverdig, allment oppslagsverk på nynorsk. Allkunne har mellom anna kjøpt rettane til å omsetje meir enn 30 000 artiklar frå Caplex. Parallelt med denne auken blir det skrive fleire nye tekstar. – Så langt har vi skrive kontrakt med nær 90 forfattarar, men det er bruk for fleire, seier Rotevatn.

Kulturell heimreise
– Eg reiser no attende heim til min kulturelle heim, og ser fram til å jobbe med ein dyktig redaksjon og resten av dei tilsette i Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget. Det vert fantastisk å få ha kontorplass i Aasen-tunet, og eit stort føremon å få jobbe tett saman med hovudredaktør Ottar Grepstad, seier Rotevatn

– Allkunne er eit viktig prosjekt som no er over den første etableringsfasen. Med Audhild på laget er vi sikker på at vidareføringa av prosjektet er i gode hender, seier styreleiar Arild Thorbjørnsen.

– Arbeidet med å løfte Allkunne er på mange måtar ei vidareføring av det språk- og kulturpolitiske og opplysingsarbeidet som har vore gjort i Volda/Ørsta sidan Sivert Aarflot si tid. Eg er audmjuk og glad for å få leie dette vidare, og gler meg til å setje i gong, avsluttar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Allkunne AS har statleg tilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Ei samla nynorskrørsle har lenge sagt at dette er det viktigaste nye tiltaket for å styrkje nynorsk skriftkultur

Fakta om Allkunne:
Allkunne AS vart skipa i august 2008, og er eigd av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum. Nettstaden www.allkunne.no opna 20. oktober 2009.

I styret for Allkunne sit Arild Thorbjørnsen (styreleiar), Magni Hjertenes Flyum og Tom Skovdahl.

I redaksjonen sit Ottar Grepstad (hovudredaktør), Aina Basso, Kjerstin Gjengedal, Kirsti Langstøyl, Vibeke Lauritsen og Sverre Tusvik

Foto: Stig Vågnes


 

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no