Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

No kjem dei nynorske læremidla

 (02.06.2010)

1. juni kom utgreiinga «Mangfold og mestring» frå Kunnskapsdepartementet. Utvalet bak utgreiinga konkluderer med at vi må ta i bruk meir nynorsk og lokal dialekt i opplæringa, og at dette ikkje er mogleg før læremidla blir tilgjengelege på nynorsk. Dette er i tråd med tidlegare meldingar frå Kommunal- og regionaldepartementet, som ønskjer å styrkje integreringa i distrikta.

- Eg er glad for at Kunnskapsdepartementet har innsett at nynorske læremiddel er naudsynte for vellukka språkopplæring i nynorskområde. Når innvandrarar som bur i eit lokalsamfunn som brukar nynorsk, lærer bokmål på skulen, forsterkar dette det språklege skiljet mellom innvandrarane og resten av befolkninga på staden, seier Nygård.

I dag finst det berre éi lærebok på nynorsk for minoritetsspråklege, og i mange nynorskkommunar blir norskopplæringa gitt på bokmål.

- Integrering handlar om å vere ein del av lokalsamfunnet. Då må innvandrarar mellom anna vere i stand til å hjelpe borna sine med leksene, seier Nygård. Vi er heilt avhengige av at språkopplæring og integrering må gå hand i hand.



For meir informasjon:
Janne Nygård, påtroppande leiar i Norsk Målungdom
janne@nynorsk.no, 916 16 637
Bilete til fri bruk: http://gamal.nynorsk.no/bilete/janne.jpg

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no