Offentleg føretak må fylgje mållova
(03.06.2010)
Noregs Mållag mottek kvart år spørsmål frå tilsette og kundar i føretak som NSB, Posten og andre, som ynskjer å sjå meir nynorsk i desse verksemdene. Dette gjeld i publikumsretta materiell, på nettsider og all intern tekstproduksjon. Denne vinteren har Noregs Mållag særleg hatt dialog med Posten. Vi vonar at denne dialogen vil føre til at Posten fylgjer mållova og til dømes opnar for at offentlege verksemder kan stemple breva sine med Noreg.
Nynorsken kunne notere seg ein viktig siger då dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete slo fast at slike verksemder skal fylgje mållova, men det står framleis att eit arbeid for å fylgje opp dette prinsippet i praksis. Stortingsmeldinga "Mål og meining" slår fast prinsippet nynorsk, som går ut på at omsynet til nynorsk skal bli vurdert eksplisitt i alle samanhengar der norsk språk er ein relevant faktor.
Den raudgrøne regjeringa har slege fast at ho ynskjer ein aktiv, statleg eigarskap. Noregs Mållag ynskjer at denne politikken òg skal gje språkleg profitt.
Håvard B. Øvregård Leiar i Noregs Mållag
|
|