Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Korleis skal nynorsken sjå ut?

 (05.06.2010)

Vi lanserer diskusjonsforumet Nynorsk 2011 der alle interesserte kan fortelje kva for ønske dei har til den komande rettskrivinga for nynorsk. – Vi vil ha innspel frå brukarane, seier Grete Riise, leiar i Språkrådets rettskrivingsnemnd for nynorsk

Det skal lagast ei ny rettskrivingsnorm for nynorsk, og ho skal erstatte dagens norm. Nemnda skal kome med forslag til revidert norm innan april 2011.

– I diskusjonsforumet ønskjer vi oss innspel frå så mange som mogleg, anten dei reknar seg som nynorskbrukarar, er skuleelevar med nynorsk som sidemål, har nynorsk som arbeidsspråk eller berre skriv nynorsk no og då, seier nemndleiar Grete Riise.

– Alle interesserte kan kome med ønska sine. Er det noko brukarane meiner er vanskeleg i dagens rettskriving? Kva skal til for å gjere det lettare å skrive korrekt? Dette vil vi høyre synspunkt på, seier Riise.

Mandatet til rettskrivingsnemnda seier at nemnda skal lage ein brukarvennleg nynorsk, som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, og som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål.

Diskusjonsforumet Nynorsk 2011 har adresse www.nynorsk2011.org.
 

Melding frå Språkrådet
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no