Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kulturministeren opnar Dei nynorske festspela

 (10.06.2010)

– Kulturminister Anniken Huitfeldt er den sjette statsråden som gjestar Dei nynorske festspela, og det er ei ære for både utøvarar og publikum at Huitfeldt er til stades, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Mange profilerte personar frå kultur- og samfunnsliv har opna Dei nynorske festspela etter at prinsesse Märtha Louise gjorde det første gongen i 1992. Festivalen er blitt opna både på flyplass og i gymnastikksalar, men frå 2000 har opningshøgtida vore arrangert i salen i Ivar Aasen-tunet.

Steinar Albrigtsen har urpremiere på sitt nye låtmateriale saman med vokalisten Monika Nordli på Dei nynorske festspela. På opningshøgtida gir dei publikum smakebitar frå konserten dei skal halde på utescena i Aasen-tunet seinare same kvelden.

Håvard Strand frå Volda er programleiar for opningshøgtida der prisen Årets nynorskbrukar også blir delt ut. I år er ikkje spenninga der om kven som får prisen. Det har vore kjent i to månader at prisvinnaren er Maria Parr, men ho skal få sin tale og sjølv få kome til orde i eit eige program der ho samtalar med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Som alle andre festspelarrangement er også opningshøgtida under Dei nynorske festspela open for kven som helst. Difor blir aldri salen fylt opp med inviterte gjester. – Det gjeld berre å vere tidleg nok ute med å skaffe seg billett, seier Widerøe.

 

Melding frå Nynorsk festspel
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no