Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkleg kvalitet i læremiddel

 (11.06.2010)

Styret har vedteke denne fråsegna om språkleg kvalitet i læremiddel.

Vi har siste halvåret hatt fleire døme på manglande språkleg kvalitet i læremiddel. Nasjonal digital læringsarena (NDLA) og Cappelen Damm si lærebok i norsk for 6.klasse er to døme på at den nynorske versjonen har hatt så store feil at det har ført til sterke reaksjonar frå elevane sjølve. I båe tilfella er det klårt at manglande kvalitet i omsetjing frå bokmål til nynorsk har lege bak feila. Stortingsmelding 35 (2007-08), Mål og meining, peikar på kor viktige lærebøker/læremiddel er (Mål og meining, kapittel 8.5.2.1)

Fram til 2000 var det ei godkjenningsordning for lærebøker som sikra språkleg kvalitet. Etter at denne ordninga vart oppheva, har ein ingen mekanisme som sikrar språkleg kvalitet i lærebøker.

Det er i dag forventa at skuleeigar skal sikre språkleg kvalitet i lærebøker som del av utveljing av tilrådd læremateriell, og gjennom innkjøp av læremiddel som skal vere gratis for elevane. Vi ser at dette, i motsetnad til intensjonen, ikkje sikrar språkleg kvalitet.

Noregs Mållag ynskjer difor:
• at Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet i samarbeid følgjer opp spørsmålet om å sikra den språklege kvaliteten i lærebøkene. Dette vart det bede om i proposisjonen frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet då godkjenningsordninga vart oppheva i 2000, men det er til no ikkje teke spesielle initiativ frå departementshald (Jf. Mål og meining Kap. 8.5.2). I ei slik oppfølging må ein òg sjå på kva ekstra utfordringar som kjem med kombinasjonen av manglande godkjenningsordning og eleven sitt frie val av læremiddel.

• at staten krev at skuleeigar ved innkjøp av læremiddel tek med ein klausul i kjøpsavtalen som seier at dersom kjøpte læremiddel ikkje held språkleg kvalitet, skal dei erstattast med nye eller kompenserast for, på lik line med anna feilvare.

Melding frå Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no