Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Undheim ny dagleg leiar for Garborgsenteret

 (16.06.2010)

Inger Undheim, leiar i Time Mållag, er tilsett som dagleg leiar for Garborgsenteret. (Foto: Hege Myklebust)

Jærmuseet har tilsett Inger Undheim som ny dagleg leiar for Nasjonalt Garborgsenter i Time. Samstundes er det blitt klårt at SR-Bank gjev inntil 9 millonar kroner i gåver til senteret.

Inger Undheim er fødd på Bryne i 1975. Ho fekk tildelt hovudfagsstipend frå Stiftinga Garborg-året 2001, og hovudfagsavhandlinga hennar har tittelen ”Arne Garborgs Den burtkomne Faderen: Vedkjenning som sjølvframstilling kring 1900.” Ho har vore universitetslektor i nordisk litteratur ved UiS hausten 2003, og har undervist på Rosseland skule og Frøyland ungdomsskule. Sidan 2006 har ho arbeidd som immigrasjonskoordinator i firmaet Relocation.no i Stavanger.

Inger Undheim har lang røynsle som formidlar av Garborg, både som mangeårig sommarvert i Garborgheimen og på Knudaheio, som foredragshaldar og som ekstern Garborgformidlar i regi av Time kommune. Inger Undheim er for tida også leiar i Time Mållag, og er med i det faglege rådet for Nasjonalt Garborgsenter.
Den daglege leiaren tek til i stillinga 1. oktober 2010.

Milliongåve
SR-bank gir 9 millionar kroner i gåve til Nasjonalt Garborgsenter, som er under oppbygging på Bryne. SR-bak gjev 5 millionar no, og vil så gi ei krone for kvar innsamla krone som vert samla inn lokalt fram til 4 millionar. Totalt vil dette utgjere 9 millionar frå SR-bank.

Det var konsernsjef i SR-bank, Terje Vareberg, som saman med områdebanksjef for Jæren Elin Garborg og kommunikasjonssjef i SR-bank Thor Christian Haugland, overrakk gåva til direktør for Jærmuseet, Målfrid Snørteland og til ny dagleg leiar for senteret, Inger Undheim.

Terje Vareberg i SR-bank påpeika at banken har ein lang tradisjon med Garborg, og var òg hovudsamarbeidspartnar for stiftinga Garborg-året i 2001. Ei gåve av den storleiken vil vera med på å sikre vekst og utvikling i regionen.

Leiar i rådet for Nasjonalt Garborgsenter, Roald Bergsaker, kunngjorde òg at TS-Stangeland gir kr. 500 000 til senteret.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no