Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Verdifullt med fleirspråklege strategiar

 (18.06.2010)

Noregs Mållag og Norsk Målungdom tykkjer det er viktig å setje fokus på fleirspråkspolitikk i Noreg. Verdien av eit fleirspråkleg samfunn er underkjend. Språkkunnskapen til innvandrarar utover norsk vert sjeldan trekt fram som noko verdifullt, og det er manglande forståing for verdien av morsmålsopplæring. Det er viktig at handsaminga av Østberg-utvalet si innstilling gjer noko med dette.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen fekk nyleg overrekt Østberg-utvalet si innstilling NOU 2010:7: "Mangfold og mestring - Flerspråklige barn, unge og vokse i opplæringssystemet,". Vi er heilt samd med utvalet når dei set opp verdsetjing av det fleirpråklege som eit hovudpunkt i innstillinga: " Utvalget mener det er nødvendig med en holdningsendring i samfunnet, slik at flerspråklighet sees som en verdi for den enkelte og for [Norge]"

Vi meiner morsmålsopplæringa i Noreg treng eit lyft. Manglande undervising i og på morsmål er eit problem. Dei fleste har i dag berre krav på morsmålsopplæring til dei er støe nok i norsk til å fylgje undervisinga på dét språket. Morsmålet til minoritetsspråklege blir altså ikkje i dag sett på som ein ressurs i seg sjølv, men berre sett på som eit instrument for norskspråksutviklinga. Dette er ei grov nedvurdering av kunnskapane elevane sit inne med. Opplæringa lyt byggje på ein premiss om at morsmålet i seg sjølv er viktig som grunnlag for fagleg og språkleg utvikling. Noregs Mållag har tidlegare bede stat og kommunar prioritere morsmålsopplæring for minoritetsspråklege, og er glad for at utvalet kjem med framlegg til styrking av morsmålopplæringa, mellom anna utvikling av ein ny læreplan i morsmål.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom meiner det er viktig at utdannings-Noreg tek i bruk fleirspråklege strategiar for
språkopplæring. Det er gledeleg at Østberg-utvalet er klar på at det er ein viktig ressurs for innvandrarar å lære nynorsk. Utvalet seier at dei har inntrykk av at innvandrarar etter avslutta språkopplæring, har lært eit bokmål som ofte ikkje stemmer med korleis folk snakkar rundt dei. Utvalet peikar på at å få nynorsk opplæring vil gje ei god innføring i heile det norske språket og god dialektforståing. Mange nynorskkommunar gjev ikkje vaksne innvandrarar norskopplæring på nynorsk, men på bokmål. Årsaka er mangel på læremiddel og tilfang som krevst for å gje ei
fullgod opplæring.

I NOU 2010:7 Mangfold og mestring vert det slege fast at det trengst nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar, og at dei utdelte midlane til læremiddel frå staten si side, ikkje har vore gjevne til forlag som vil lage nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar. Vi har ei klar forventning om at særlege løyvingar til læremiddel på nynorsk til
norskopplæring for vaksne innvandrarar kjem inn på statsbudsjettet.

Vi vil òg peike på den nedvurderinga av fleirspråklege elevar som vert gjord når dei, som ofte skjer, vert oppmoda om ikkje å ha opplæring og/eller vurdering i sidemål . Auka medvit om verdien av fleirspråkskunnskap vil i tillegg til andre gode òg gje auka verdsetjing av sidemålet.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom vonar Østberg-utvalet si innstilling gjev eit utvida ordskifte om fleirspråks- og minoritetsspråksstoda i Noreg. Eit fleirspråks-Noreg er eit betre Noreg.

Håvard B. Øvregård
Leiar i Noregs Mållag


Maria Svendsen
Leiar i Norsk Målungdom

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no