Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bør inn i barneskulen

 (22.06.2010)

Sidemål i skulen. Kvifor har vi sidemål i skulen? Ane-Lin Strømholm skriv i Aftenposten 17. juni at målfolket uimotsagt får forsvare sidemålsstilen på ein usakleg måte. Sidemålet oppfyller fleire viktige funksjonar – kvar og éin av dei viktige nok til å forsvare den posisjonen sidemålet har. Her er (minst) tre saklege argument frå målfolket. For det fyrste har sidemålet ein praktisk funksjon: Hundretusenvis av dagens elevar skal arbeide som lærarar, statstilsette, journalistar og i andre yrke der dei treng å vere gode i både bokmål og nynorsk.

For det andre skal faget norsk ta for seg heile breidda av norsk språk: Dei to jamstelte språka bokmål og nynorsk, tidlegare utgåver som gamalnorsk og norrønt, i tillegg til breidda av norsk talemål og minoritetsspråk som finst i Noreg. Å ta vekk éin av desse delane er å rive ut ein vegg av det huset norskfaget er. For det tredje skal norskfaget vere eit daningsfag, og kunnskap om og respekt for dei to likestilte språka bokmål og nynorsk lét seg ikkje alltid måle i direkte nytteverdi – på same måte som svært mykje anna viktig kunnskap som blir formidla gjennom skulen.

Inn i barneskulen
Men jamvel om Noregs Mållag er ihuga tilhengarar av sidemålsordninga som fenomen, er vi ikkje like glade for korleis undervisninga blir praktisert i dag. Sidemålet bør inn i skulen alt på barneskulen, slik at ein treffer elevane medan språklæringsevna er høg og sidemålshatet er lågt – i ungdomsskulen er det snarare omvendt.

Vidare ser vi at opplæringa til tider blir gjort med utdatert pedagogikk og med ei negativ innstilling frå læraren. Men dette heng gjerne saman med tidsbruken i skulen i dag: Når norsklæraren skal vere vaktmeister, sekretær, helsesyster og IKT-ansvarleg og på toppen gjennomføre eit testregime av ei anna verd – ja, då er det ikkje anna å vente enn at det blir lite tid til å utforske ny og spanande undervisningsmetodikk. Noregs Mållag etterlyser òg at lærarutdanninga må styrkjast slik at lærarane har dei naudsynte føresetnadene for å undervise i sidemål.

Hobbysosiologi
Målfolket har i 150 år arbeidd for å fremje språkordskiftet i Noreg. Vi er ikkje redde for å «ta debatten», heller ikkje når utgangspunktet er eit anna enn vårt eige. Ikkje minst er vi glade for at lærarar vil vere med i dette ordskiftet – dei kjenner dagleglivet i skulen og er naudsynte premissleverandørar for denne diskusjonen. Men Strømholm bed om at debatten blir lyfta til eit nytt nivå. Dersom hennar hobbysosiologiske påstand om at «ingen treng sidemål av di ingen ho kjenner treng det» skal setje standarden for dette nivået, er det ingen grunn til å gle seg til eit nytt ordskifte om sidemål.

Av Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag og Helga Hjetland, styremedlem i Noregs Mållag

Dette debattinnlegget er eit svar på dette innlegget i Aftenposten: http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article3696377.ece

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no