Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Meir pensum på nynorsk

 (24.06.2010)

I dag er ein marginal del av pensumet ved universiteta og høgskulane på nynorsk. Det er ei av årsakene til at mange studentar vel å bytte frå nynorsk til bokmål. Vi krev at universitets- og høgskulesektoren blir med på å snu utviklinga.

Kvart år byrjar nye kull med studentar på universitet og høgskular dominerte av engelsk og bokmål, både på pensumlister, nettsider og eksamensoppgåver. Det gjer at det blir vanskeleg for dei nye studentane å halde på nynorsken.

Praksisen ved universiteta varierer: Universitetet i Bergen legg i større grad enn Universitetet i Oslo (UiO) til rette for nynorskbruk. Der leverer no 7 prosent av masterstudentane masteroppgåve på nynorsk, medan det tilsvarande talet ved UiO er 2 prosent, i følgje studentavisa Universitas.

UiO og dei andre nasjonale utdanningsinstitusjonane har eit særleg ansvar for å fremje bruk av nynorsk, ikkje minst med tanke på kor mykje språkleg kompetanse denne sektoren rår over.

I dag blir det skrive og omsett mange bøker til innføringsfag med mange studentar, som til dømes i ex.phil.

Her bør universiteta og høgskulane leggje til rette for at ein større del av desse innføringsbøkene blir skrivne på og omsette til nynorsk. I tillegg har institusjonane eit ansvar for å synleggjere relevant litteratur på nynorsk som alt finst.

Her har sektoren ein lang veg å gå.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no