Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Krev raske tiltak

 (01.07.2010)

Klassekampen skriv at Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, meiner det trengst raske tiltak for å betra tilbodet av nynorske læremiddel for vaksne som skal læra norsk.

Han finn god støtte for det i den offentlege utgreiinga Mangfold og mestring (NOU 2010:7), som kom først i juni. Der blir det argumentert for at ein i større monn bør ta i bruk lokal dialekt og nynorsk som opplæringsspråk for vaksne utlendingar, på same tid som det blir peikt på at det trengst «bedre tilgjengelighet av læremidler på nynorsk» for at nynorskopplæringa skal kunna gjennomførast.

- Vi vil ha ein intensiv innsats med ressursar og prioritering raskast mogleg. Ei straksløyving på tre millionar ville monna. Mange kommunar ønskjer å gi opplæring på nynorsk, men synest ikkje undervisingsmateriellet er godt nok. Her trengst også tilbod om fagleg støtte til lærarane som skal stå for opplæringa, seier Øvregård.

- Her burde partia ha overbydd kvarandre. Alle seier det er viktig å læra norsk, men kor blir det av omtanken for dei vaksne innvandrarane som er busette i nynorskkommunar, spør mållagsleiaren.

- Stat og kommune har ansvaret. Det burde stillast same krav om parallellutgåver av lærebøker for vaksenopplæringa som for grunn- og vidaregåande skole, seier Håvard B. Øvregård til Klassekampen.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no