Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Årets nynorskkommune?

 (02.07.2010)

Statsråden vil i haust dele ut prisen på 100 000 kroner til årets nynorskkommune. Ho ynskjer seg ein vinnar som kan vere eit førebilete for andre nynorskkommunar.

- Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som formell målform og som gjennom aktiv bruk av nynorsk har gjort ein særskild innsats for å fremje nynorsk som skriftmål. Eg vonar mange nynorskkommunar melder seg og er med i konkurransen, seier Navarsete.

Kriteria er utarbeidd i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Stord kommune vann prisen då den blei delt ut for aller fyrste gong i fjor.

Dei som kan søkje om å få prisen er nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under:

* aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
* aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
* god målbruk blant tilsette
* marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
* tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.

Jury som ut frå desse kriteria skal velje ein vinnar, består av:

* Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK)
* Gunn Berit Gjerde, fylkestingsrepresentant (V) i Møre og Romsdal
* Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser (LLA)
* Sigfrid Tvitekkja, Språkrådet
* Eli Johanne Lundemo, Kommunal- og regionaldepartementet.

Prisen blir delt ut i løpet av november 2010.

Søknadsfristen er 15. september 2010. Det er kommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen.

Merk søknaden "årets nynorskkommune" og send til postmottak@krd.dep.no eller
Kommunal- og regionaldepartementet
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo.




Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no