Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Karl Ove Knausgård til Jølster Mållag

 (08.07.2010)



Karl Ove Knausgård, kjem til bokbad hjå Jølster Mållag torsdag 15. juli. Dette er den einaste tilskipinga i Noreg den populære forfattaren har sagt ja til i år.

Det vert med andre ord ei spesiell hending når Karl Ove Knausgård kjem til tilskipinga i Jølster. Jølster Mållag er tilskipar og omtalar dette som ei storhending.

Forfattaren av «Min kamp»-bøkene er invitert til bokbad i Jølster fordi han har slektsrøter der. Han var mykje i bygda då han var liten. Og i bøkene har han skrive ein del om Jølster og slekta der.
Karl Ove Knausgård er bokmålsforfattar, men han har ei fortid på Skrivekunstakademiet i Hordaland der han hadde lærarar som Ragnar Hovland, Jon Fosse og Kjartan Fløgstad. Han har også vore medlem av Studentmållaget i Bergen.

Også Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, er invitert til Jølster denne kvelden. Han skal også seie nokre ord til opninga av bokbadet på Eikaasgalleriet torsdag 15. juli klokka 19.00.


Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no