Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Meir og betre opplæring i sidemål

 (08.07.2010)

I Noreg har vi sidan 1885 hatt to offisielle og jamstilte former for norsk skriftspråk. Skal denne jamstillinga vere reell, må alle lære båe målformene. Når Inger-Lise Nyheim, styremedlem i Riksmålsforbundet, i lesarbrev nyleg seier at jamstillinga berre skal innebere at ”alle skal få bruke det skriftspråket som passer dem best”, så syner ho ei manglande forståing for kor avgjerande felles skriftspråkkunnskap er i ein nasjon. Det er avgjerande for at ein skal kunne jobbe saman om ein tekst, om det så er eit offentleg dokument, ei avisannonse, ein reklamekampanje, eller ein bryllaupssong. Når Riksmålsforbundet og andre vil ha friviljug sidemålsopplæring, så vil dei ta frå Noreg eit språkleg lim som held oss saman.

Elevar med nynorsk som hovudmål vert tvunge på så mykje bokmål, i aviser, bøker, blad, reklame og anna, at det vert høvesvis lett å meistre bokmål skriftleg. Men elevar med bokmål som hovudmål vert ikkje på same måten bombardert med tekst på sitt sidemål, og er difor meir avhengig av god opplæring i skulen for å meistre nynorsk skriftleg. Løysinga er difor ikkje mindre sidemål, men meir og betre opplæring i sidemål. Dette vil også betre haldningane til sidemål hjå bokmålselevar.

I 2006 gjorde Utdanningsdirektoratet ei større gransking om sidemålsundervisninga i skulen. Tendensen i denne undersøkinga er klar: di tidlegare sidemålsundervisninga startar i skulen, di betre vert haldningane til faget. Undersøkinga syner så klare samanhengar at det må få fylgjer for læreplanane. Sidemålsopplæringa må starta tidlegare.

Granskinga syner at så mykje som 50 % av bokmålselevane som starta med sidemålsopplæring på 8. trinnet eller tidlegare, likar nynorsk. Av dei som starta med nynorsk som sidemål på 10. trinnet oppgjev berre 3,8% at dei likar nynorsk. Vidare går det fram ein klar positiv samanheng mellom haldningane til faget og karakterane elevane får.

Elevane meiner at meir skrivetrening og meir undervisning er det som skal til for å få betre resultat i nynorsk. Forsøk frå fleire skular syner at når bokmålselevane bruker nynorskbøker i andre fag enn norsk gjev det betre skrive- og lesetrening, og elevane vert flinkare i sidemålet sitt. Det er gjennom slike tiltak, og ikkje gjennom valfritt sidemål, at ein kan betre meistringa av og haldningane til nynorsk.

Håvard B. Øvregård
leiar i Noregs Mållag

***
Bilete til nedlasting: http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no