Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Røysting i Steinkjer

 (02.08.2010)

Bakgrunnen for at det vert røysting i Vålen skulekrins er at det er 67 personer, 31 prosent av dei med røysterett som har skrive under på at dei ynskjer ny røysting i skulekrinsen. Det er over 1/4 del av dei med røysterett som ynskjer røysting og då er kommunen pliktig til å skipe til ei folkerøysting.

Sist det var røysting i Vålen skulekrins var 12. mai 2000. Då vart det flertal for nynorsk. Den gongen var det berre foreldre som hadde born i skulen som hadde røysterett. Røystetalet var 28 for nynorsk og 20 for bokmål. Det er i dag i overkant av 30 elevar ved Vålen skole.





















Einaste nynorskskulen i Nord-Trøndelag
Då det var klart at Noregs Mållag skulle skipe landsmøte på Stiklestad i april, var det ikkje tvil om at Mållaget også måtte nytte høve til å vitje Vålen skole i Steinkjer. Dette er den einaste nynorskskulen i Nord-Trøndelag.

Det var sjølvsagt leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, som skulle stå for besøket. Men kvelden før måtte vi raskt endre planen, sidan flyet frå Bergen vart innstilt på grunn av oskesky over Noreg. Så då vart det informasjonsavdelinga med Kjartan Helleve og Hege Lothe som fekk ta turen til Vålen skole.
– Vi tok med oss bollar og teikeseriehefte med Tuss og Troll til borna, og ein bunke med bøker til skulen. Vi nytta høve til å snakke litt om kvifor nynorsk, og det var kjekt å sjå at ungane tykte at det at dei lærde nynorsk på skulen, er ei heilt sjølvsagt sak, fortel Kjartan Helleve.

Rektor på Vålen skole, Berit Solheim Kvernmo, fortalde at dei lever godt med nynorsken på skulen.
– Både foreldre, borna og lærarane er godt nøgd med at vi lærer nynorsk. Bokmål får ein tidsnok lære seinare, påpeikar Berit Solheim Kvernmo. Ho fortel også at elevane går over til bokmål som hovudmål på ungdomsskulen fordi Steinkjer kommune ikkje har ressursar nok til å gje dei undervisning på nynorsk.

I september vert det altså røysting om opplæringsspråket ved Vålen skole i Steinkjer kommune. Skulen er i dag den einaste nynorskskulen i Nord-Trøndelag.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no