Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ivar Aasens fødselsdag

 (05.08.2010)

Ivar Aasen-tunet inviterer denne dagen både til gratis fødselsdagskake, eit møte med festspelforfattaren 2011 og spesialomvising i utstillinga ”Ivar Aasen i bruk”.

Det blir spesialomvising med Jostein O. Mo i utstillinga ”Ivar Aasen i bruk”. Den unike utstillinga er bygt opp av bruksgjenstandar der Ivar Aasen i ein eller annan variant er brukt som motiv.

Om ein tek turen i tunet, får ein nemleg sjå Jostein O. Mo si unike samling gjenstandar der Ivar Aasen i ein eller annan variant er brukt som motiv. Det er anten eitt av dei få fotografia av Aasen som er brukt på gjenstandane, eller statuen av han som står i Ørsta sentrum.

Mo kallar dette for bruksgrafikk, og det er såleis gjenstandar som er meint å brukast. I Galleriet i Aasen-tunet er det gjort eit utval av gjenstandane, som Mo har samla på over ein lengre periode.

– Det å samle på noko har vanlegvis ikkje ein fastsett dato for når det tek til. Eg har samla i mange år, men det var nok i samband med Ivar Aasen-året i 1996 at eg verkeleg blei klar over at eg hadde så mange gjenstandar at det kunne kallast ei samling, seier Mo.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no