Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bjørn Sortland blir festspelforfattar

 (06.08.2010)

Bjørn Sortland er fødd i 1968, og han debuterte i 1992 med boka Det er ikkje natta. Han har seinare gitt ut om lag 40 bøker, dei fleste for barn og unge, men han skriv også bøker for vaksne. Sortland har markert seg internasjonalt, og bøkene hans er omsette til mange språk og har kome ut i svært mange land, mellom anna Tyskland, USA og Taiwan.

Bjørn Sortland skriv bøker både på nynorsk og bokmål. Langt dei fleste er på nynorsk, og det er naturleg nok desse det blir lagt vekt på under Dei nynorske festspela. Forfattarskapen som heilskap blir det òg sett lys på.

Han har fått Nynorsk barnelitteraturpris to gonger. Fyrste gong var i 1994 for boka Himmelkyss som kom ut på Samlaget. Andre gong han fekk Nynorsk barnelitteratupris var i 2000 for boka Den blå, blå himmelen.

Les meir hjå www.aasentunet.no og på heimesidene åt Bjørn Sortland www.bjornsortland.no

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no