Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen 2010 til UiB

 (17.08.2010)

Noregs Mållag meiner at Universitetet i Bergen har teke eit nasjonalt ansvar for å ta i bruk nynorsken. Difor får dei Målprisen 2010.

Prisen vart delt ut under den offiselle opninga av det akademiske året. Håvard B. Øvregård, leiar av Mållaget, understreka kor viktig det er at universitetet tek språkspørsmålet på alvor.

- For nynorsken og målsaka er Universitetet i Bergen det viktigaste universitetet. De tek eit nasjonalt ansvar for nynorsken – noko som er avgjerande for nynorsk som akademisk språk. For nye studentar som møter høgre utdanning for aller fyrste gong, er det veldig lett å velje bokmål fordi det er det lettaste og fordi alle andre gjer det. Difor er det svært viktig at Universitetet i Bergen held fram med å gje fagleg ryggstø for studentar og forskarar til å bruke nynorsken, sa Øvregård.

Rektor Sigmund Grønmo takka varmt for prisen.

- Universitetet ser dette som ei påskjøning og set stor på denne heideren. Det er ei stor inspirasjonskjelde for vidare språkarbeid, sa Grønmo.

Grønmo kvitterte med å halde opningstalen til dei ferske studentane på nynorsk.



Grunngjeving for Målprisen 2010

"Alt før Universitetet i Bergen vart stifta, var det sterke forventningar til at universitetet skulle ta i bruk nynorsk innanfor forsking og undervising. For mange var dette eit sjølvstendig argument for å få universitetet lagt til Vestlandets hovudstad Bergen – å sikre bruk av nynorsk i høgre utdanning.

I 1996 vedtok Det akademiske kollegium eigne retningslinjer for språkbruk. Då vart det slege fast at universitetet skulle ha minst 30 % nynorsk.

I den utoverretta presentasjonen har Universitetet i Bergen språkleg jamstelling. Dette blir lagt merke til. Det er viktig at nynorsken er synleg gjennom formidling av forsking og i informasjonen til studentane. For publikasjonar under 10 sider (det vil seie mest stillingsannonsar) syner tala frå Språkrådet at prosentfordelinga mellom bokmål og nynorsk i tida 1997–2000 var på 42–58, og for 2001-2004 på 56–44. For publikasjonar over 10 sider var fordelinga 70–30 i tida 1997-2000, og 42–58 i tida 2001-2004.

I 2007 laga UiB eit framlegg til eigen språkpolitikk som heiter: ”Både i pose og sekk”. Dette er ein grundig gjennomgang av språktilhøva ved institusjonen. Og her vert det også peika på tiltak for å bli betre. No vert det arbeidd med å utvikle ei eiga språkteneste ved UiB. Ein er også tydeleg på at ein vil utvikle parallell fagterminologi for dei viktigaste faguttrykka i alle fag. Dette er viktig for både forskarar og studentar som skal skrive godt fagspråk på nynorsk.

Noregs Mållag er oppteke av å hindre at nynorskelevar vel vekk nynorsk etter kvart som dei møter bokmålet i vidaregåande og i høgre utdanning. I denne samanhengen er det viktig kva studentane i Bergen gjer. I 2006 var det 236 studentar som leverte master- og hovudoppgåver på nynorsk i heile Noreg. Av desse var om lag halvparten innleverte ved Universitetet i Bergen.

Det er ikkje tvil om at fagmiljøa på høgskulane og universiteta er avgjerande for kva språk studentane vel å skrive. Universitetet i Bergen har altså den klårt høgste delen av nynorskoppgåvene. Det som er spesielt i Bergen, er at det finst eit fagmiljø utanfor humaniora som er oppteke av språkbruk. Det vert levert inn masteroppgåver i langt fleire fag enn norsk og historie, til dømes i informatikk, geovitskap, arkeologi, musikkpedagogikk, samanliknande politikk, molekylærbiologi, geografi og juss, for å nemne nokre. Det gjev ei fagleg breidd i masteroppgåvene som er med å sikre den vidare utviklinga av fagterminologi.

I 1986 var éi av ti oppgåver på engelsk, i dag er éi av tre oppgåver på engelsk. Trass i at bokmålet lek som ein sil til engelsk, held nynorsken stand med 3-4 % studentar kvart år som vel nynorsk. Men også Universitetet i Bergen opplever at nynorskelevar vert bokmålsstudentar. Å gjere det like lett å velje nynorsk som bokmål, bør vere målet.

For nynorsken og målsaka er Universitetet i Bergen det viktigaste universitetet. De tek eit nasjonalt ansvar for nynorsken – noko som er avgjerande for nynorsk som akademisk språk. For nye studentar som møter høgre utdanning for aller fyrste gong, er det veldig lett å velje bokmål fordi det er det lettaste og fordi alle andre gjer det. Difor er det svært viktig at Universitetet i Bergen held fram med å gje fagleg ryggstø for studentar og forskarar til å bruke nynorsken.

Noregs Mållag vil gjerne takke for innsatsen så langt, og oppmode til vidare systematisk arbeid for nynorsken.

Noregs Mållag har vedteke å heidre Universitetet i Bergen med Målprisen for 2010."

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no