Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny bok om dei nynorske avisene

 (23.08.2010)

– Like sidan A.O. Vinje tok til å gi ut Dølen i 1858, har fleire lese aviser enn bøker på nynorsk, og avisene produserer mykje meir tekst på nynorsk enn det som finst i bokform. Med nettutgåvene sine blir avisene berre endå viktigare, seier Grepstad.

Boka brettar ut historia om nynorskpressa 1850–2010. Den kan lesast som ei forteljing om jag etter pengar, grenselaus idealisme og svik mot sine eigne, seier Grepstad. – I alt har det kome ut 170 aviser som formelt har vore redigerte på nynorsk eller både bokmål og nynorsk. Dei som gav ut og redigerte desse avisene, ville endre Noreg, men mangla pengar. Dei ville nå langt ut, men fekk for få lesarar. Dei måtte ofte gi opp, men kom alltid att. Difor kjem det i 2010 ut 58 nynorskaviser.

Den nye boka på 370 sider inneheld nesten 70 illustrasjonar. Svært mange av dei har aldri vore publiserte i bok før eller etter at dei stod på trykk første gongen i ei avis. Du kan tinge boka i nettbutikken til Ivar Aasen-tunet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no