Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framtida.no er på nettet

 (02.09.2010)

- Eitt av måla våre er å vera ein viktig arena for engasjementet til unge, og sjå nyhende frå ein ung synsvinkel. Eit anna mål er å auka valdeltakinga blant unge ved valet, og styrkja nynorsken, seier prosjektleiar for Framtida.no, Svein Olav B. Langåker.

Det er lagt opp til stor grad av brukaraktivitet på Framtida.no, til dømes skrive- og fotokonkurransar, debattar, bloggar med meir. Fem lokalaviser, Dag og Tid, lnk.no og Magasinett leverer stoff frå starten. I tillegg er 15 unge og engasjerte kommentatorar frå heile landet knyta til Framtida.no. Prosjektet er støtta av Kulturdepartementet.

Dei som står bak nettstaden er ABC Startsida, Landslaget for lokalaviser, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Mot til å meina, Magasinett og Pirion.

- LNK har lenge sakna ein nettstad som denne, og trur Framtida.no vil bli ein viktig treffplass for brukarar i dei 120 medlemskommunane våre og for ungdom over heile landet, seier Vidar Høviskeland, leiar i LNK.

- Landslaget for lokalaviser (LLA) ser på Framtida.no som ein ny og spennande arena for debatt og samfunnsengasjement. Vi i LLA og lokalavisene er opptatt av nettopp dette i lokalsamfunna landet rundt, og vi gler oss over alle tiltak som vil styrka ungdomen sitt engasjement for små og store saker. Framtida.no vil venteleg bli eit friskt supplement til lokalavisene sjølve, seier Geir K. Hus i LLA.

- Det er viktig med ein nyhendearena som tar unge sine spørsmål og unge sine synspunkt på alvor ut over det som gjeld dei direkte sjølv, seier Einar Schibevaag, prosjektleiar for Mot til å meina-prosjektet.

Hege Lothe / pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no