Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vellukka haustseminar

 (06.09.2010)

Det var spennande ordskifte, interessante innleiingar og god stemning. Dette var noko av innhaldet på haustseminaret og jubileumsfesten for Studentmållaget i Oslo i helga.

Haustseminaret samla om lag hundre folk på Det Norske Teatret i Oslo. Seminaret var samansett av fleire spennande ordskifte og emne. Det var mellom anna ordskifte om norsk, og spesielt nynorsken, sin plass i akademia. Om høgskulane si rolle i Noreg og sjølvsagt også innleiing om Arne Garborg og Bondestudentane. På kvelden var det jubileumsfest for SmiO med Valkyrien Allstars (bilete) som eit av høgdepunkta.

Nynorsk for vaksne innvandrarar
Hilde Osdal er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Ho peika på at bokmålsopplæring i nynorskkommunar fører til framandgjering og hindrar integrering. Det forsterkar flyttemønsteret, og det syner seg at det er veldig viktig å kunne identifisere seg med det språksamfunnet som ein lærer om. Hilde Osdal gav tre svar på korleis ein skal få til meir opplæring i nynorsk hjå vaksne innvandrarar.
– Læremiddel, læremiddel og læremiddel.
Bakgrunnen for at det manglar læremiddel er to-delt. Det er dårleg økonomi i å lage nynorske læremiddel og det er ikkje lovpålagt å lage parallellutgåve av lærebøker til denne gruppa.
– Det viktigaste er å få til høgare løyvingar til nynorske lærebøker, endre lovverket og haldingar til nynorsk for vaksne innvandrarar, sa Hanne Osdal.

Framtida til høgskulane
Eit ordskifte fekk tittelen: Distriktshøgskulane: B-universitetet og bygdeintellektuelle kraftsentrum? Då snakka Endre Brunstad, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Oddmund Løkensgard Hoel, fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Anna Werenskjold som er redaksjonsleiar i studentavisa Universitas.
Det var semje om at høgskulane er viktige for disktrikts-Noreg. Dette er både næringspolitikk for distrikta, med det handlar også om å få kunnskapsutvikling på bygdene.

Ung framtid
Leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård (t.v.) held sjølvsagt helsingstale til Studentmållaget i Oslo i høve 110 årsjubileet. Ho takka for god innsats frå det største lokallaget i NMU. På jubileumsfesten kom også Førde Målungdom, så då var både eldre og yngre målungdomar til stades. Frå venstre: Janne Nygård, Fredrik Høstaker, Frida Høstaker og Anette Nygård.

Det ligg fleire bilete frå haustseminaret og jubileumsfesten på fotoalbumet hjå Flicker.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no