Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris frå Suldal Mållag til Inger Bråtveit

 (14.09.2010)

Suldal Mållag har gjeve Målprisen 2010 til forfattar Inger Bråtveit. Dette skjedde under litteraturkvelden i Suldal i førre veke der Bråtveit også møtte Kjartan Fløgstad til samtale om språk og nynorsk.

I grunngjevinga frå juryen heiter det at Inger Bråtveit imponerte då ho som debutant med "Munn mot ein frosen fjord" i 2002 fekk Nynorsk litteraturpris. Aldri før har ein debutant eller ein så ung diktar fått den prisen. Juryen legg også vekt på at Inger Bråtveit er kjendt for sitt poetiske språk, ein språkleg tone ein også finn att i " Siss og Unn" frå 2008 og no sist i " Love prosjekt" som kom i fjor og var eit samarbeid med svenske Cesilia Hansson.

Suldal Mållag legg også vekt på at dette poetiske språket, og den gode nynorsken truleg er ein arv frå heimgrenda.
- Endå så ung ho er, har ho alt fått eit stort namn i norsk litteratur, heiter det i grunngjevinga.





Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no