Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkleg mangfald og språkleg fridom

 (21.09.2010)

Bærum mållag har saman med Fondet for dansk-norsk samarbeid, Språkrådet, Norsk PEN og Bærum kommune teke initiativet til markering av den europeiske språkdagen. I programmet deltek språkfolk, forfattarar og kunstnarar frå inn og utland: Jørn Lund, Rolf Theil, Elisabet Middelthon, Reza Rezaee, Soudabeh Alishahi. Dans frå Hawaii og musikalske innslag frå Bosnia.

Europeisk språkdag i Bærum kulturhus søndag 26.september kl.1400-1600

- Språk er ikkje berre eit kommunikasjonsmiddel. Språket er også beraren av ein kultur. Det ber i seg material- og mentalhistoria til eit samfunn, seier Jørn Lund, dansk språkprofessor og ein av innleiarane. Og språket held også saman identiteten til kvart einskildmennneske. Det språket vi brukar er eit vitnemål om det livet vi har levd. Vi kan kommunisere på fleire språk, men skal vi ha oss sjølve med, med vår bagasje og vår kreativitet, er det morsmålet som gjeld. Vi treng alle ein språkleg heimebane, seier han.

Kvifor engasjerer norsk-iransk politikar Reza Rezae seg i norsk språkpolitikk når han ikkje har gamle røter i dette landet? Kom og høyr han grunngje sitt språkengasjement.

Fribyforfattarar kjem til Noreg fordi dei vart fengsla og trakasserte for det dei skreiv, men mange opplever ingen språkleg fridom i Noreg. Møt fribyforfattar Soudabeh Alishahi og Elisabet Middelthon frå Norsk PEN.

- Språkleg fridom og språkleg mangfald heng i hop og gjev uttrykk for ei viktig tilnærming til språk og språkdebatt. Det er fyrste gong Bærum Mållag markerer den europeiske språkdagen og vi vil bruke den til å skape debatt om vår haldning til språk, seier Margit Løyland i Bærum Mållag.

Programmet byr på fleire spanande kulturinnslag, mellom anna eit møte med Rosemary Buck frå Hawaii. Ho har lenge hatt danseshow med dansarar i tradisjonell hawaiisk/polynesisk stil, og fast avtale med Kon-Tiki Museet. Vi får ein smakebit frå showet.

Det blir musikk frå Bosnia ved Erwin Redzic . Ved sida av sjukepleiarjobb driv han med moderne musikk og er opptatt av etnomusikk, etnosound.

Den europeiske språkdagen 26. september er initiert av Europarådet og blir markert i over 40 europeiske land. Formålet er å auke medvitet om det språklege og kulturelle mangfaldet i Europa og støtte opp om språklæring og utvikling av fleirspråklegheit i samfunnet.

Kontakt arrangør av programmet: Margit Løyland (92227455), Per Ivar Vaagland (40005130)

Bærum Mållag / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no