Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gjennom ord blir verda stor

 (23.09.2010)

Kvar dag og kvart år heile livet møter vi nye ord. Gjennom orda blir verda større og vi veks sjølve gjennom orda. Ikkje minst for borna er orda ei dør til den store verda. Motsett mange vaksne, manglar borna fordomar og motvilje til å lære seg nye ord – tvert imot er dei nyfikne og vil lære seg så mange som råd er.

Noregs Mållag driv denne hausten ein kampanje vi kallar ”Gjennom ord blir verda stor”. Kampanjen er særleg retta mot barnehagane – så vel borna som foreldra og dei som arbeider i barnehagane. Det norske språket er mest eit botnlaust hav vi kan ause av – dersom vi vil og kan. Med kampanjen vår prøver vi å vise fram den store nynorske bokskatten som finst, og som kan brukast ikkje minst for dei minste!

Kampanjen vår andsynes barnehagen er heilt i samsvar med dei store endringane som har skjedd i norsk og europeisk språkpolitikk: Der det før var sentralt å einsrette og helst minske mengda av språk og språkleg variasjon, er det no eit overordna mål å halde språkmangfaldet i live og gje det best mogleg vokstervilkår. Såleis blir det kvart år halde ein europeisk språkdag den 26. september for å vise fram det store språkmangfaldet i Europa.

Arbeidet til Noregs Mållag, mellom anna kampanjen ”Gjennom ord blir verda stor”, er vårt tilskot til det europeiske og globale språkmangfaldet.

Håvard B. Øvregård
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no