Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Internettspel på nynorsk

 (28.09.2010)

I dag kom internettspelet Hattrick på nynorsk. Spelet har kring 850 000 deltakarar over heile verda. Det er omsett til over 60 ulike språk. Over 11 000 brukarar har lag her i Noreg.

– Fotball er best på nynorsk. Det er veldig artig og gledeleg at nynorsken kan takast i bruk i eit slikt fotballspel på Internett. For nynorsken er det viktigast å vere eit synleg bruksspråk for alle. Då må språket også brukast til slike viktige aktivitetar som fotball, smiler Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Hattrick er eit fotballspel på Internett der du styrer ditt eige fotballag, kjøper og sel spelarar og speler kampar mot andre brukarar og laget deira. For kring fem år sidan kom spelet på bokmål, og det siste året har ei gruppe entusiastar omsett det til nynorsk.

– Dette er eit spel som spelarane kan følgje gjennom mange år og med mykje tekst. Det er difor ekstra moro at engasjerte spelarar har omsett spelet sitt til nynorsk, seier Håvard B. Øvregård. Han utfordrar også fotballpresident Yngve Hallén, som sjølv bloggar på nynorsk, til å sjå innom det nynorske fotballspelet.

No kan ein lese i kamprapportane om «daudball» og at «Olav Hestenes fekk gult kort etter å ha sett knottane beint i skinnleggen på ein motstandar».
– Kanskje dette spelet også kan verte ei inspirasjonskjelde for den nynorske sportjournalistikken, spør Håvard B. Øvregård.


For meir informasjon og spørsmål:
Sjå den nynorske versjonen her: http://www.hattrick.org/

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Bilete ligg her

Prosjektleiar Ole Fuglestad, Balestrand:
E-post ole.fuglestad@gmail.com
Telefon 53 44 81 86 eller 934 13 695 (m)

Skulle de ikkje få tak i Fuglestad, kan medhjelpar Hans J. Sagrusten, Spydeberg, òg svara på spørsmål: E-post hsagrust@online.no
Telefon 69 83 88 95 / 99 37 35 35

Til slutt: Dette har vore ein dugnad. Internett-alias (namn i spelet) til alle omsetjarane i prosjektet er: Aleksenen, Campingvogna, Julegrisen, Krasher, McAllister, Ritlefant, Stanic, Viktor_Gullfisk og Wodoo.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no