Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag ventar at Kunnskapsdepartementet tek eit krafttak for nynorsk i skulen

 (05.10.2010)

- Noregs Mållag ventar at Kunnskapsdepartementet tek eit krafttak for nynorsken i skulen. Ei betre nynorskundervisning i grunnskulen og vidaregåande skule krev klarare prioritering frå Kunnskapsdepartementet, seier Håvard B. Øvregård. Han peikar på at problemstillinga knapt er nemnt i budsjettdokumentet.

For nynorskelevane i grunnskulen og vidaregåande skule er det svært viktig at Kunnskapsdepartementet brukar sine ressursar på ein slik måte at kommunane gjev dei god undervisning på nynorsk, læremiddel på nynorsk og oppdaterte og kompetente lærarar.

Han forventar også at Kunnskapsdepartementet stiller klare krav til korleis fylkeskommunane kjøper inn bøker til vidaregåande skule.

- Noregs Mållag meiner det er avgjerande at Kunnskapsdepartementet, allereie i statsbudsjettet, gjer det heilt klart at det ikkje vert betalt ut midlar til ulovlege læremiddel. Dette vil seie læremiddel som berre er tilgjengeleg på bokmål, seier Håvard B. Øvregård.

- For å sikre nynorskelevane god nok undervisning er det avgjerande med god lærartettleik. Vi støttar Utdanningsforbundet sine reaksjonar om lærartettleik, der dei tek til orde for eit minstetal på lærarar i klasserommet både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, seier Håvard B. Øvregård.

Noregs Mållag har sjølv motteke i overkant av 3,6 millionar kroner i støtte frå Kulturdepartementet for å styrke nynorsk skriftkultur på alle felt, og er takksame for denne løyvinga. I Kulturdepartementet sitt budsjettframlegg er ein særleg nøgd med auka løyvingar til Det Norske Teatret for prosjektet Det Multi Norske / Den Mangfaldige Scenen, Nynorsk kultursentrum for etablering av Olav H. Hauge-senter, og Jærmuseet for drift av Garborgsenteret.

For meir informasjon kontakt:

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag, 992 31 490 (m)

Bilete til nedlasting ligg her: http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no