Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny nynorsk språkhandbok

 (07.10.2010)

I samarbeid med Norsk Telegrambyrå (NTB) og Kunnskapsforlaget lanserer Nynorsk pressekontor 22. oktober språkhandboka NPK-språket.

Boka vert presentert under Dei nynorske mediedagane på Litteraturhuset i Oslo og inviterer til panelordskifte om framtida for nynorsken som riksspråk.

Fredag 22. oktober – frå klokka 14.00–16.00 på Litteraturhuset.

Program:
> Fantastiske Arnfinn Kolerud les frå si nyaste bok: Når ein fyrst skal skyte nokon
> NPK presenterer språkhandboka NPK-språket
> Ordskifte: Har nynorsk ei framtid som riksspråk?

I panelet: professor i nordisk språk Jan Terje Faarlund, Syn og Segn-redaktør Bente Riise, nestleiar ved Institutt for journalistikk Asgeir Olden og Dag og Tid-journalist Astrid Sverresdotter Dypvik.

NPK-språket
NPK-språket er bygd over den same lesten som NTBs språkhandbok, NTB-språket (Kunnskapsforlaget, 2007), men tar for seg nynorsk. Boka har to delar: ei ordliste med over 30.000 oppslagsord og ein regeldel med gode råd om rettskriving og språkbruk. Ordlista femnar om basistilfanget av ord i nynorsk – og litt til. Norma har færre valfrie former enn den offisielle rettskrivinga, men dekkjer dei formene som er mest vanlege i bruk.

I regeldelen gir vi nyttige tips om mangt som vi veit at mange er usikre på, enten det er teiknsetjing, bruk av tal og talord, store og små forbokstavar, nynorsk rettsspråk eller transkribering. Boka forklarer også dei viktigaste forskjellane mellom nynorsk og bokmål og trekkjer fram typiske feil og vanlege misforståingar.

Boka er i sal frå 22. oktober.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no