Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Heider til Midtsiden

 (12.10.2010)

Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy har fått Målprisen av Os mållag.

Styremedlem Mari Lyssand og leiar for Os Mållag Marie Hauge (t.h.) overraska Bruarøy med blome, teikning og pris. (Foto: Andris Hamre)

- Det er nokre år sidan sist vi delte ut målpris. Bruarøy har vore i tankane ei stund og sidan Os mållag i år fyller 90 år fann vi ut at det var passande å dela ut målprisen no, seier Marie Hauge, leiar i Os Mållag til Midtsiden.

Mållaget meiner at skriv eit levande og moderne nynorsk. "Prisvinnaren har ein stor lesarskare i alle aldrar, og er spesielt flink til å dekkja saker og arrangement som interesserer born og unge. Slik har han gjort midtsiden.no til ein nettstad der både «nye og gamle» osingar naturleg møter nynorsk som bruks- og pressespråk.» skriv laget i grunngjevinga.

- Dette var både overraskande, morosamt og veldig stas, seier Bruarøy.
- Målet er å bruka eit språk som flest mogleg av dei som bur i Os forstår og som er mest mogleg likt daglegtalen til lesarane våre. Éit eksempel er at eg skriv «eksempel» i staden for «døme».

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no