Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag søkjer organisasjonskonsulent

 (14.10.2010)

Noregs Mållag søkjer etter ein ryddig, sørvisinnstilt, allsidig, kreativ og fleksibel person som ønskjer å arbeida som: organisasjonskonsulent i full stilling med vekt på arbeidsoppgåvene:

- Drift av medlemsregisteret
- Vedlikehald og utvikling av heimesider
- Organisasjonsutvikling og planarbeid
- Vervetiltak
- Tilrettelegging av lokal aktivitet

Ut frå bakgrunnen til søkjarane vil det bli vurdert om arbeid med nett eller organisasjonsoppgåver er mest relevant ved sida av vedlikehald av medlemsregisteret. Alle medarbeidarane må også vera budde på å ta andre oppgåver når det er naudsynt.

For stillinga gjeld:
Du bør ha utdanning på høgskule- eller universitetsnivå og røynsle frå organisasjonsarbeid og grunnleggjande databasearbeid.
Arbeidet krev evne til sjølvstendig arbeid, og fører med seg noko reising. Organisasjonskonsulenten samarbeider nært med dagleg
leiar, informasjonskonsulent og skulemålsskrivar.

Stillinga er i dag plassert i lønsramme 22 i statens lønsregulativ med innplassering etter utdanning og ansiennitet.
Stillinga er ledig frå 10. desember. Kontorplass Oslo.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål må sendast til
Noregs Mållag,
Postboks 474 Sentrum,
0105 Oslo,
innan 31. oktober 2010.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
dagleg leiar Gro Morken Endresen
Telefon: 23 00 29 37 / 957 85 560
E-post: gro.morken@nm.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no