Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Momsfritak på e-bøker – ein garanti for norsk språk

 (17.10.2010)

Norsk er eit lite språk i møte med engelsk, og korkje nynorsk eller bokmål er sikra posisjonen som samfunnsberande språk utan ein aktiv språk- og kulturpolitikk. Dei siste femti åra har norskspråkleg litteratur hatt fordel av momsfritak på bøker, statlege innkjøpsordningar for litteratur og normalavtalar for forfattarar og omsetjarar. Styret i Noregs Mållag meiner det er avgjerande å ta vare på og vidareutvikle desse ordningane – ikkje minst slik at dei femnar om nye medium.

Noregs Mållag stør dei universelle litteraturordningane både som demokrati- og språkorganisasjon. Enkelte har teke til orde for målretta støtteordningar i staden for ei universell ordning som momsfritak er. Men målretta tiltak gjev ikkje den same breidda i utgjevingar som universelle tiltak, og må i så fall vere eit tillegg til eit generelt momsfritak.

I dag er det ikkje momsfritak på e-bøker. Førebels har ordskiftet om e-bokmoms vore av det prinsipielle slaget, ettersom salet av e-bøker i Noreg er lågt. Styret i Noregs Mållag meiner likevel at det hastar med å få på plass ordningar som sikrar norskspråklege e-bøker. Norskspråklege e-bøker vil i utgangspunktet stå seg dårleg i møte med engelskspråkleg litteratur både når det gjeld utval og pris. Då er det viktig at styresmaktene set i verk dei tiltaka som finst, for å sikre at norsk litteratur òg har ein plass i e-bokverda.
Momsfritak for e-bøker er både med på å halde prisane nede og breidda oppe. For Noregs Mållags del er særleg omsynet til nynorsken viktig. I St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining står det at ”omsynet til nynorsk alltid skal vurderast eksplisitt når det dreier seg om tiltak som involverer norsk språk”. For eit språk i mindretal vil fråværet av god politikk på e-bokfeltet vere endå meir merkbart enn det vil vere for fleirtalsspråket.

Noregs Mållag meiner storting og regjering må sjå at momsfritak for e-bøker er eit naudsynt tiltak for å sikre norsk språk på ein ny arena, og bed om at språklege omsyn blir lagde til grunn i denne saka, i tråd med språkmeldinga. Momsfritak for e-bøker bør vedtakast snarast råd, helst i samband med statsbudsjettet for 2012.

Håvard B. Øvregård
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no