Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fest for Marie Lovise Widnes

 (26.10.2010)

Vanylven Mållag og Vanylven kommune skipar til ein fest av ein kulturkveld 29.oktober, til ære for Marie Lovise Widnes som fyller 80 år 1.november.

Kvelden skal fyllast av song, musikk, festtalar, hyllingsdikt og det eine med det andre.

Ho er jo heidersmedlem i Noregs Mållag, og leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, vil naturlegvis vere til stades for å seie nokre ord.

Festkvelden blir i Syltefjord Bygdehus fredag 29. oktober og fell høveleg saman med utgjevinga av plata «So dilla du di rompe». På den har Widnes gjort ei samling av gamle viser, vers, regler og godnattsongar
for born.

Biletet ovanfor er henta frå ein aksjon for sidemål i samband med landsmøtet i Ålesund i april 2004. Her sit Marie Lovise Widnes klar til å halde sin appell framfor fleire hundre engasjerte skuleungdomar og målfolk. Med handveska på armen heldt ho appell med både kraft, engasjement og kunnskap. Den vekte jubel, samtidig som ho fekk elevane til å bue mot dåverande utdanningsminister Kristin Clement.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no