Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Besøk i studentbarnehage i Oslo

 (27.10.2010)

Eilert Sundts studentbarnehage fekk i går vitjing av Noregs Mållag og Studentmållaget i Oslo. Med på lasset var også studentavisa Universitas.

Det var Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag og leiar i Studentmållaget i Oslo som tok turen til studentbarnehagen. Han kom også med ei svært flott bokgåve i høve 110 års-jubileet til Studentmållaget i Oslo. I høve jubileet får studentbarnehagane 110 nynorske barnebøker.

Og Eilert Sundts studentbarnehage fekk si bokgåve i går. Både bokgåva og Studentmållaget vart svært godt mottekne.
– Det er gildt å læra meir om nynorsk. Eg må innrømma at me har hatt liten fokus på dette før, seier Hilde Johnsrud, pedagogiske leiar, til Universitas.

– Eg tykte dette var eit veldig artig besøk. Vi fekk kome med våre tankar om nynorsk til kvardagsbruk i barnehagen, og dei tilsette ville gjerne ta bruk materiellet og bøkene som vi kom med, seier Jens Kihl.

På måndag var han i Badebakken barnehage som også ligg i Oslo, og han tykte at det var svært oppløftande mottaking.
– Det var artig å få drøfte språkstimulering i barnehagen, også med tanke på nynorsk og dialektmangfald, seier Jens Kihl.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no