Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mangfald og mestring

 (02.11.2010)

Høyringssvar til NOU 2010:7 ”Mangfold og Mestring. Flerspråklige barn, unge og voksne i opplæringssystemet” frå Kunnskapsdepartementet.

Innleiing
Noregs Mållag viser til høyringsbrev dagsett 21. juni 2010, dykkar referanse 201003005. Høyringa har i Noregs Mållag vorte handsama av styret fredag 22. oktober 2010. Før dette har det vore ei brei høyring i organisasjonen, med utsending av høyringsnotat til alle lokallag, fylkeslag og yrkesmållag.
I dette høyringssvaret har vi, som det vart oppmoda om i høyringsbrevet, strukturert innhaldet etter kapittelinndelinga i utgreiinga (NOU 2010:07). Tilbakemeldingar på gjennomgåande perspektiv kjem som tilbakemeldingar til kapittel 1.

Bakgrunn
Noregs Mållag meiner dei spørsmåla som den offentlege utgreiinga ”Mangfold og mestring. Flerspråklige barn, unge og vaksne i opplæringssystemet” (NOU 2010:7) tek opp, er mellom dei viktigaste språkpolitiske spørsmåla i Noreg i dag. Utgreiinga tek mellom anna opp verdien av fleirspråk, morsmålsopplæring i grunnskule og vidaregåande skule, og norskopplæring for vaksne innvandrarar.

Noregs Mållag vil fremje verdien av språk og språkrettar for alle ibuarane i Noreg, uavhengig av om morsmålet er norsk.
Noregs Mållag ser klare samanhengar mellom norskopplæring for born, unge og vaksne med anna morsmål enn norsk og vilkåra for nynorsk, mellom anna ved manglande tilbod om norskopplæring på nynorsk for vaksne innvandrarar. Vi har òg sett korleis sidemålsfritak for born og unge med anna morsmål enn norsk i praksis har vorte ei diskriminering av fleirspråklege born.

Ei avgjerande språkpolitisk sak er verdien av fleirspråkskunnskap. Vi ser at det er det same fleirspråksfiendtlege eller fleirspråksignorerande tankemønsteret som ligg til grunn for vanvørdsle for innvandrarar sine morsmål og hetsing av nynorsk sidemål. Noreg har alltid vore eit fleirspråkleg samfunn, men det har heile tida vore ein kamp å få respekt for dette språkmangfaldet.

Lokallag i Noregs Mållag har meldt at temaa fleirspråk, morsmålsopplæring, og norskopplæring for vaksne er viktige, og det har vore etterspurd informasjonsmateriell og skolering. Då det kom ein NOU på temaet, såg vi det naturleg å knyte eit informasjonsarbeid i organisasjonen til ei høyring på denne utgreiinga.
Som vedlegg til høyringa var 3 innleiingar frå haustseminaret i Noreg Mållag (september 2010), som tok opp tre sentrale tema i utgreiinga; fleirspråk, morsmålsopplæring i skulen, og norskopplæring for vaksne innvandrarar.

Til kapittel 1: ”Utvalgets samlede konklusjoner”.
Tilbakemeldingar på gjennomgåande perspektiv og heilskapen i NOUen.
5 hovudperspektiv
Noregs Mållag støttar fullt ut dei 5 hovudperspektiva til utvalet:
1. Tidleg innsats.
2. Langvarig andrespråksopplæring.
3. Fleirspråklegheit som ein verdi.
4. Kompetansebehov i opplæringssektoren.
5. Implementeringsutfordringar.
Manglande perspektiv i meldinga: Manglande tematisering av nynorsk
Med unntak av eit avsnitt på side 261 (kapittel 11.6) er nynorsk i liten eller ingen grad tematisert i dei ulike kapitla i utgreiinga. Noregs Mållag meiner dette svekker utgreiinga. Utgreiinga tek ikkje tilstrekkeleg opp problemet med at det er stor mangel på norskopplæringsressursar på nynorsk for minoritetsspråklege, noko som mellom anna har som konsekvens at norskopplæring for vaksne innvandrarar i mange kommunar er på ei anna målform enn administrasjonsmålet i kommunen (der administrasjonsmålet er nynorsk). Utgreiinga tek heller ikkje opp dei skilnadene det er i praksis i læring av nynorsk og bokmål som hovudmål, grunna den store skilnaden mellom mengda språkpåverknad på høvesvis bokmål og nynorsk i samfunnet. I tillegg er det i særs liten grad vurdert korleis ein skal legge til rette for og oppnå at fleirspråklege barn, unge og vaksne til liks med andre skal kunne meistre begge dei to målformene nynorsk og bokmål
Vi meiner dei momenta nemnd i førre avsnitt i tillegg til å svekke utgreiinga er i strid med eit av hovudperspektiva til utvalet; fleirspråklegheit som ein verdi.

Til kapittel 5: ”Den språklige situasjonen”
• Noregs Mållag stør utvalet si sterke understreking av verdien av fleirspråkskunnskap. (Mellom anna sitat i kapittel 5.4: ”Det er viktig å se flerspråklighet som en ressurs hos alle elever, ikke som et problem.” og ” [Det er] uheldig om ikke skolen bidrar til at kunnskaper i flere språk ses på som en ressurs og gir status.”
• Noregs Mållag meiner det trengst meir forsking og formidling på språklæring og fleirspråkslæring.
• Noregs Mållag meiner at det i skule og forvaltning i Noreg er ei manglande verdsetjing av fleirspråksverdien i å kunne dei to norske målformene (nynorsk og bokmål)
• Noregs Mållag meiner at alle pedagogisk tilsette i utdanningssystemet må ha kunnskap om språklæring og fleirspråkslæring, og at denne kunnskapen også må setjast i samanheng med kunnskap om opplæring i dei to norske målformene.

Til kapittel 7: ”Barnehage og andre tilbud i førskolealder”
• Noregs Mållag stør utvalet sitt framlegg til ny formulering i § 2 i barnehagelova (Innhaldet i barnehagen): ”Barnehagen skal arbeide aktivt med å fremme alle barns norskspråklige kompetanse. Barnehagen skal også støtte barn med annet morsmål enn norsk i bruk av sitt morsmål.”(jf. utgreiinga s.126). I dag er ikkje språk nemnt i føremåls-(§ 1) eller innhaldsparagrafen (§ 2) for barnehagen i det heile.
• Noregs Mållag meiner det er ein samanheng mellom medvit i barnehagane om fleirspråklege/minoritetsspråklege born sin situasjon, og medvit i barnehagane om verdien av at alle born møter båe dei to norske målformene i førskuletida
• Noregs Mållag meiner det er særleg viktig i barnehagen at born med anna morsmål enn norsk møter både nynorsk og bokmål. Dette er særs viktig for borna si framtidig evne til å lære og meistre målformene skriftleg, samt borna si evne til å verte van med og forstå mangfaldet av norske dialektar og talemålsvariasjon.
• Noregs Mållag stør utvalet sitt framlegg til meir forsking rundt minoritetsspråklege førskuleborn si fleirspråklege utvikling. (jf. utgreiinga s.126)
• Noregs Mållag stør utvalet sitt framlegg om kompetansehevingsprosjekt og vidareutdanning (jf. utgreiinga s.129), og ventar at læringsressursar for dette vil vere tilgjengelege både på nynorsk og bokmål

Til kapittel 8: ”Minoritetsspråklige elever i grunnskolen”
• Noregs Mållag stør utvalet sine framlegg til tiltak for særleg språkopplæring (jf. utgreiinga s.182), som mellom anna omfattar meir aktiv bruk av morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring, presisering av kva rett til særskilt språkopplæring inneber, og høve til å få morsmålet sitt som eige fag.
• Noregs Mållag stør intensjonen i ein individuell rett til morsmålsopplæring, slik mindretalet i utvalet fremjar, men vil at det vert utarbeidd ei konkretisering av kva ein slik rett vil medføre, og korleis ein sikrar det vert stilt naudsynte ressursar tilgjengeleg for å oppfylle retten. Noregs Mållag stør auka bruk av morsmålsopplæring.
• Noregs Mållag krev at særskilt språkopplæring for fleirspråklege/minoritetsspråklege elevar i grunnskulen ikkje i ein ressursdiskusjon skal setjast opp mot andre delar av norskopplæringa, men om naudsynt innebere ein samla auke i ressursar til språkopplæring.
• Noregs Mållag ser det som sjølvsagt at alle born i grunnskulen, uavhengig av morsmål, skal ha eit reelt val om hovudmål, og skal ha tilstrekkeleg opplæring i sidemål til å meistre dette.

Til kapittel 11 og 12: ”Opplæring spesielt organisert for voksne etter opplæringsloven” og ”Introduksjonsordning og opplæring i norsk og samfunnskunnskap”
• Noregs Mållag meiner at det bør vere krav om parallellutgåver (nynorsk og bokmål) for alle læremiddel i norsk for vaksne som skal nyttast av det offentlege.
• Noregs Mållag meiner norskopplæring for vaksne bør styrkjast gjennom ei intensiv løyving til utvikling av læringsressursar og fagdidaktikk.
• Noregs Mållag vil streke under det utvalet seier særleg om nynorsk (jf. utgreiinga s.261, Kapittel 11.6), mellom anna ”at en i større grad bør ta i bruk lokal dialekt og nynorsk som opplæringsspråk.” Noregs Mållag meiner det i oppfølginga av utgreiinga bør vurderast særskilt korleis ein kan nå dette. Vi meiner at utvalet som ein konsekvens av denne observasjonen i større grad i andre relevante delar av utgreiinga burde tematisert og fremja bruk av lokal dialekt og nynorsk som opplæringsspråk.
• Noregs Mållag meiner at det må klarleggjast kva konsekvensar det har at spørsmål om målform ikkje er teke opp i læreplanar i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar og i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Det er sjølvsagt at nynorsk og bokmål skal vere jamstilte også på dette området. (jf. utgreiinga s. 261: ”Utvalget registrerer at spørsmålet om målform ikke er tatt opp verken i læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter eller i læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere”)
• Noregs Mållag stør utvalet når det seier at ”Så vidt utvalget kan se, forutsetter økt bruk av lokal dialekt og nynorsk som opplæringsspråk langt bedre tilgjengelighet av læremidler på nynorsk. Videre er det nødvendig at ulike prøver og tester også foreligger på nynorsk.” (jf. utgreiinga s.261), og ventar at det i oppfølginga av utgreiinga vert vurdert særskilt korleis ein kan nå dette.
• Noregs Mållag stør utvalet i at det må satsast på eit kompetanselyft i vaksenopplæringa (jf. utgreiinga s.264), og forventar at dette også vil omfatte fagdidaktikk i opplæring i nynorsk for vaksne.
• Noregs Mållag stør utvalet i at det må innførast rett til særskilt språkopplæring for vaksne (jf. utgreiinga s.265).
• Noregs Mållag stør utvalet i at det må utviklast tilbod om gratis nettbasert norskopplæring, og ventar at det vert kravd at slike ressursar skal vere tilgjengelege på nynorsk og bokmål til same tid.

Vidare oppfølging av utgreiinga
Noregs Mållag har gjennom ei brei høyring i heile organisasjonen gjort ein innsats for å gjere utgreiinga og dei temaa som den tek opp meir allment kjent. Noregs Mållag ønskjer å bidra til eit vidare arbeid med oppfølging av utgreiinga. Noregs Mållag vil takke utvalet for å ha medverka til auka verdsetjing av og medvit om språk i den norske ålmenta.


Håvard B. Øvregård
leiar


Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no