Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utkast til nytt arbeidsprogram

 (03.11.2010)

Les utkast til arbeidsprogram for Noregs Mållag 2011-2014.

Det gjeldande arbeidsprogrammet for Noregs Mållag gjeld fram til landsmøtet 2011. Prosessen med å lage nytt, treårig arbeidsprogram for organisasjonen har difor teke til.
Styret i Noregs Mållag gjorde 3. juni 2010 slikt vedtak:

Arbeidsprogramnemnd for Noregs Mållag:
• Jens Kihl, leiar
• Terje Kjøde (Sunnmøre)
• Margit Ims (Telemark)
• Jens Helleland Ådnanes (Hordaland)
• Astrid Myhre (Aust-Agder)
• Vidar Lund (Rogaland)
• Maiken Rose Flatmo (Trønderlaget, no Romsdal)
• Kjell Snerte (Buskerud)
• Birgitta Lim Ersland (NMU)

Nemnda arbeider på oppdrag frå styret, og det er styret som til sist kjem med ei innstilling overfor landsmøtet. Nemnda har gjennomført eitt telefonmøte og noko e-post-kontakt, i tillegg til ei helgesamling 8.-10. oktober, der sjølve arbeidsprogrammet blei skrive. Vidar Lund og Margit Ims var forhindra frå å delta møtehelga. Innstillinga frå nemnda er samrøystes på alle punkt.

Innhald
Nemnda er breitt samansett både med omsyn til geografi, alder, målpolitiske interessefelt og fartstid i organisasjonen. Likevel var det tidleg klart at vi delte mange av dei same syna på korleis Noregs Mållag bør arbeide dei neste tre åra. Vi vonar vi har klart å feste desse ideane til papiret:

• Vi var samde om at Noregs Mållag må prioritere. Difor har vi – tidvis med tungt hjarte – prioritert ned nokre arbeidsfelt slik at vi kan prioritere opp andre. Som eit ledd i prioriteringa har vi òg freista lage konkrete og tydelege arbeidsfelt, slik at organisasjonen i størst mogleg grad får avgjere korleis Noregs Mållag sentralt og lokalt skal arbeide dei neste tre åra.

• Vi meiner det aller viktigaste er å satse på barn og unge dei neste tre åra. Dette er arbeidsfelt organisasjonen allereie er særs god på, og der noko av det viktigaste no er å lære meir av kvarandre. I tillegg meiner vi det er viktig å styrkje organisasjonen. Ikkje fyrst og fremst gjennom vekst i tal på lag og medlemer, men gjennom å skape ein sterkare og meir robust organisasjon.

• Vi har freista lage eit arbeidsprogram for heile organisasjonen, der òg andre ledd enn sentralleddet får ansvar for gjennomføring av arbeidsprogrammet. Slik vonar vi å få til ein organisasjon der vi dreg i same retning og får mest mogleg att for den innsatsen vi legg ned.

• Og, som mange vil sjå, har vi freista lage eit kortare arbeidsprogram. I dette programmet finn ein mindre analyse og situasjonsskildring enn tidlegare. Dette er ikkje eit målideologisk kampskrift, men heller eit dokument som vonleg kan bli ei tydeleg rettesnor for heile organisasjonen.

Prosess
• 22. oktober: Presentasjon for styret
• 24. oktober: Presentasjon for landsrådet
• November, desember og januar: Høyring i organisasjonen. Alle fylkeslag vil få tilbod om vitjing frå nemnda/styret.
• 1. februar: Høyringsfrist
• 18.-20. februar: Handsaming i styret og innstilling til landsmøtet. Utsending til laga veka etterpå.
• 8.-10. april: Landsmøtet i Suldal vedtek nytt arbeidsprogram.

Vi vonar altså heile organisasjonen vil vere med på å ordskiftast om kva Noregs Mållag skal gjere dei neste tre åra. Dersom lag ynskjer oss på vitjing for å diskutere arbeidsprogramframlegget, stiller vi meir enn gjerne opp!

Slik sender du innspel til sentralt:
E-post til Jens Kihl: Jens.Kihl@nm.no
Ring 23 00 29 37 eller ring Jens Kihl: 99 23 14 90

Send innspel i posten til:
Noregs Mållag
Postboks 474 Sentrum
0105 Oslo


Venleg helsing
Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag og leiar i arbeidsprogramnemnda

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no