Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Elevane på Firda vgs held på nynorsken

 (10.11.2010)

Noregs Mållag har gjennomførd ei undersøking mellom elevane på Firda vidaregåande skule i Sogn og Fjordane som mellom anna syner at språkskifte frå nynorsk til bokmål er på berre 5%.

Dette er svært gledleg, meiner Noregs Mållag. Ei tilsvarande undersøking på Valdres vidaregåande skule syner eit språkskifte frå nynorsk til bokmål på heile 75%. Desse to undersøkingane er ein del av eit tre-åringprosjekt i Valdres, som heiter Målstreken. Det er Noregs Mållag og Valdres Mållag som står bak prosjektet. Det tek sikte på å arbeide for å motivere til å halde på nynorsk som hovudmål i Valdres.

Fyrst vart det gjennomførd ei undersøking frå Valdres vgs, og deretter ville ein finne samanlignbare tal ved ein skule i kjerneområde. Det er mykje interessant informasjon i denne rapporten. Den går inn på kva elevane meiner om nynorsk, bokmål, engelsk og dialekt. Om dei ser for seg at dei skal bu på bygda eller i byen i framtida, og om dei ser for seg å bruke nynorsk når dei vert eldre.

NRK Sogn og Fjordane har vore på Firda vidaregåande skule og snakka med både elevar, lærarar og Noregs Mållag.

Nedanfor kan du lese rapporten frå undersøkinga eller ein kort presentasjon. Undersøkinga er gjort av professor Jon Todal og Kamil Øzerk, og rapporten og presentasjonen er skriven av Karen Marie Kvåle Garthus.

Hjå Målstreken kan du lese meir om prosjektet i Valdres.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no