Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Seljord er årets nynorskkommune

 (12.11.2010)

Seljord kommune er kåra til årets nynorskkommune av Kommunal- og regionaldepartementet.

- Juryen har vurdert kandidatane grundig. Særskilt vil eg trekkje fram at vinnaren Seljord kommune driv godt språkarbeid for barn. Eg håpar prisen vil styrkje bruken av nynorsk både i Seljord og i andre kommunar i Telemark, seier Liv Signe Navarsete, statsråd i Kommunal- og regionaldepartementet.

Seljord kommune har laga ein plan og eit lokalt verktøy for språkstimulering i barnehagane. Dei har og laga ein plan for lese- og skriveopplæring i grunnskulen. Juryen har også lagt vekt på at kommunen ligg i eit tradisjonelt nynorskfylke, men der nynorsken mange stader likevel er under press.

Prisen Årets nynorskkommune 2010 består av 100 000 kroner og eit bilete av kunstnaren Tuula Lehtinen.

- Seljord skårar høgt både når det gjeld kommunale planar, nynorsk i kulturarbeid og tidleg nynorskinnsats blant barn, seier Navarsete i ei pressemelding frå departementet.

Ho delte ut prisen på Stord i samband med den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu fredag 12. november.

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no